Kanonløp av Sverre
Sverre Lunde Pedersen har allereie formen inne. Testløp på 5000 meter Inzell, var fire sekunder raskare enn i fjor. Neste helg er det NM på enkeltdistansar.
Skøytelandslaget har den siste tida lagt i Inzell på treningsleir. Under dei siste testløpa, kor mellomanna nederlandske Jan Blokhuisen og Håvard Bøkko måtte sjå seg slått av ungguten frå Os på 5000 meter gjekk Sverre på sterke 6.24.47, fire sekundar raskere enn tilsvarande løp i fjor.
– Absolutt godkjent, seier ungguten sjølv til Aftenposten.
Blokhuisen gjekk to sekund seinare og Håvard Bøkko heile 7 sekund treigare enn osingen.
– Håvard er blitt så gamal at han girar seg ikkje veldig opp til eit testløp, så det er ikkje noko å leggje så mykje vekt på.
– Han blir god denne sesongen òg, det ser eg på kvar trening, seier Sverre.
På 1500 meter gjekk Sverre nest raskast, berre slått med nokre få hundredel av Wouter Olde Heuvel. Sverre gjekk på 1.47.77.
NM neste helg
Allereie neste helg, 18.-20. oktober, er det klart for den første ordentlige konkurransa når NM på enkeltdistansar blir arrangert i Vikingskipet på Hamar. Sverre signaliserar at han kjem til å gå alle dei seks løpa (to på 500 meter fredag, 1500 og 5000 på laurdag, 1000 og 10.000 på sundag).
– Sidan det er meir ein to veker til verdscupen startar kan det vera greit med ei skikkeleg gjennomkøyring, seier Sverre Lunde Pedersen, som satsar på å ta sitt første NM-gull som senior på Hamar.