Nokre dagar med litt lettare vêr
Melder både sol og sludd i helga.
I fjor hadde vi skiføre og farbar is frå starten på januar og nesten heilt fram til vinterferien.
Denne vinteren starta med kulde og høge straumrekningar, men har halde fram med akkurat nok snø til at køyreforholda har blitt vanskeleg.
Men før ungane har fått akebrettet ut av boden, har snøen regna vekk igjen.
Etter ei ganske regntung veke, men med nokre fine solnedgangar, snør det i Os i dag.
Det er meldt mildare og regn i ettermiddag.
Fredag skal bli lettare, med fare for nokre sluddbyger på formiddagen, men opphaldsvêr fredag ettermiddag.
Laurdag blir kaldare, 0 til 3 gradar.
Yr melder nokre regnbyger, Storm melder lettskya og opphaldsvêr på dagtid, men sludd på kvelden.
Det kan bli glatt på vegane natt til søndag.
Søndag formiddag er det også meldt opphaldsvêr, men det er venta nedbør etter lunsj.
Mykje av det som har kome som regn i låglandet, har landa som snø i fjellet.
Eikedalen har plan om å køyra alle heisane, også den nye Toppheisen, i drift frå fredag.
Dei første dagane over helga skal også få sine timar med opphaldsvêr. Resten den siste skuleveka inn mot vinterferien får 5 plussgradar og regn.