Lyseklostervegen stengt etter kollisjon
Ingen personar blei skadd i frontkollisjonen.
Fredag kveld kom det melding om ei utforkøyring på Lyseklostervegen.
Det viste seg å vera ein kollisjon med to involverte bilar.
– Det var éin passasjer i den eine bilen, ingen i den andre. Ingen personar er skadd, opplyser politiet på staden.
Meldinga kom klokka 18.39.
– Det var svært glatt både på staden og resten avLyseklostervegen, seier politiet.
Klokka 19.50 var vegen framleis blokkert, men bergingsbil var på staden.
Det byrja å snø tett i Os og bergensområdet fredag ettermiddag, og også E39 mellom Os og Bergen hadde vanskelege køyreforhold på ettermiddagen.
I 19-tida var føret betre på E39, men fleire sidevegar er framleis glatte.
No har snø gått over til regn, og det er meldt 4 til 6 plussgradar og lite nedbør gjennom natt til laurdag.
Laurdag er det meldt regn frå morgon til kveld.
Lastebil sto fast - skapte lang kø
Tidlegare på kvelden, i 17.30-tida, hadde ein lastebil problem ved rundkøyringa mellom Byvegen og Industrivegen.
Bilen var på veg retning frå Bergen til Os, og stoppa rett før den kom inn i rundkøyringa.
Det skapte køar, spesielt i retning Søfteland, den den i 18-tida sto forbi Joker-butikken.