Nok ein kollisjon på Søfteland
Front mot front ved avkøyrsla til Gåssand.
Søndag klokka 17.45 fekk Midtsiden tips og bilde fra kollisjon på E39 Byvegen ved Stilvoll og avkøyrsla til Gåssand.
Fem minutt seinare varslar Vegtrafikksentralen om ulykka.
– Det er redusert trafikkflyt i området, skriv VTS på Twitter.
Vest politidistrikt opplyser at det er ein frontkollisjon, og at det ikkje er meldt om fastkleme personar.
– Nødetatane er på veg, opplyser politiet klokka 17.46.
Ifølgje Google Maps er det allereie stilleståande kø begge vegar ved ulykkesstaden.
Dette er den andre trafikkulykka på E39 på Søfteland i dag. Tidlegare søndag var to bilar og ein motorsykkel involvert i ei ulykke ved Tømmernes.
OPPDATERT:
Klokka 18.18 opplyser politiet at fire involverte i dei to bilane blir undersøkt av helsepersonell.
– Den eine bilføraren er mistenkt for å ha kome over i motsett køyrefelt. Vi avhøyrer bilførarar og vitne.
Det er framleis nokre trafikale utfordringar på staden, men politiet vil sjå om brannvesenet klarer å rydda vegen mens dei ventar på bergingsbil.
OPPDATERT kl 19.05: Det er framleis lange køar i begge retningar.