Politi | 10. okt. 2024

Nok ein fartskontroll i 80-sona

Tre reaksjonar på E39.

Nok ein fartskontroll i 80-sona
Ein speidar på Moberg tidlegare i haust. Foto: Kjetil Vasby Bruarøy / Midtsiden
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 10. okt. 2024 08:51

Den siste veka har det vore førarkortbeslag i 60-sone på Søfteland, i 30-sone i Hegglandsdalen og i 80-sone på E39 mellom Svegatjørn og Moberg.

Onsdag kveld i 18.30-tida gjennomførte politiet trafikkontroll med fartsmåling på E39 igjen.

Det blei skrive ut tre førelegg i 80-sona.

– Høgaste fart blei målt til 92 km/t, opplyser politioverbetjent Anne Lyssand.

Det resulterer i 5050 kroner i forenkla førelegg, men ingen prikkar på førarkortet.

I tillegg blei 52 bilførarar kontrollert for rus, utan at politiet fann noko å reagera på.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.