No skal hamna sikrast
Os Sjøfront droppar nye forsøk på bølgebrytarar, forlenging av moloen blir løysinga.
Os Sjøfront skulle bygga 200 båtplassar på innsida av den nye moloen på Mobergsneset.
I mai i fjor fekk Alutec kontrakt på dei første 80 plassane, allereie i juni var desse på plass. No ser det ut som om det kan bli med knappe 100 båtplassar.
– Dei fleste er selt, i tillegg har kommunen 20 gjesteplassar. Men no har vi fått to nye brygger så vi i alt har 96 plassar og rundt 16 for sal, fortel prosjektleiar Karianne Strømme til Midtsiden.no.
– Førebels nøyer vi oss med dei 96 plassane. No held vi på å henta inn prisar på forlenging av moloen.
Bølgjebrytar som svikta
Før bryggene blei lagt ut, i februar 2011, blei den 205 meter lange moloen forlenga med 10 x 12 meter lange bølgebrytarar.
Som fleire spådde heldt ikkje desse mål, i kuling i desember i fjor hadde dei vippa lenge nok til at vire-ane knippa og betongelementa låg kvar for seg, heldigvis forankra i botnen i tillegg til i kvarandre.
Vil forlenga moloen med 35 meter
Strømme fortel at dei førebels har gjeve opp å skjerma hamna med noko flytande.
– Det er så grove dimensjonar som må til.
No har dei bestemt seg for å forlenga moloen.
– Vi er ute og hentar inn prisar og håper på at arbeidet kan starta snarast.
Tar sjøvegen
Dei som bur og bruker området treng ikkje å uroa seg for ein periode med ekstra tung tungtransport.
– Vi må nok få steinen til resten av moloen levert med lekter, seier Strømme.