Millionkontrakt til Alutec
Alutec fekk storkontrakt med Os Sjøfront. Dei første 80 av 200 båtplassar skal leverast no i mai.
Os Sjøfront AS har valt Alutec AS sitt nye marinasystem til bustadprosjektet mellom Oseana på Mobergsneset og gjestebrygga i Os sentrum.
I dag signerte dei millionkontrakten på det Alutec ser på som eit prestisjeprosjekt.
– Vi er veldig glade for at vi fekk kontrakten og vi er stolte over at vi skal levera komplett anlegg til eit så flott prosjekt, seier Espen Aspenes, som både er medeigar og salsjef for marina-delen av vareutvalet frå stillas- og bryggeprodusenten Alutec AS.
80 på plass i mai
Totalt 200 båtplassar er planlagt til byggeprosjektet når det er fullt utbygd. I første omgang skal Alutec levera 80 båtplassar, desse skal stå ferdig allereie no i mai i år.
Første byggetrinn i Os Sjøfront, som inneheld til saman drygt 80 husvære delt på fire blokker, skal stå ferdig i juni 2012.
Båtplasssane blir selt til både kjøparar av husvære i prosjektet og til andre.