No skal dragen døypast
Dei første påmeldingane til årste dragebåtfestival i Os har kome inn. Neste helg er det høgtideleg dåp i Hamnevegen.
I starten på mars blei det kjent at dragebåtfestivalen kjem til Os.
30 lag på inntil 10 padlarar og éin trommis skal byta på å bruka 6 dragebåtar i Os hamn den siste helga i august.
Utestaden Solsiden står som vertsskap og Scandinavian Entertainment Service AS som er teknisk arrangør saman med Underholdning Vest AS.
Dåp neste veke
Dragebåtfestivalen i Os blir arrangert på seinsommaren, 29. og 30. august, same helg som Bondens Dag og helga før Oselvarfestivalen (som inkluderer kapproing i oselvar).
– Men båtane, som er kjøpt nye frå Kina, har kome til Noreg, og ein av dei seks båtane skal døypast i Os, seier Tore André Sagstad.
Dåpen blir på brygga utanfor ABO Plan og Arkitektur fredag under marknadsdagane, om ei god veke. Den blir gjennomført av ordførar Terje Søviknes.
– Båten skal sjølvsagt heita Hamnesjefen. Om han klarer å hamla opp med Hamnesjefen som er her frå før, er vel heller tvilsamt.
Dåpen blir følgt opp med show, livemusikk og middag på uterestauranten for dei som vil. Solsiden sin meny blir supplert med Engeline sin Havnechefen's Burger når Engeline stiller med kokk og grill utanfor.
– Kan bli rift om plassane
I dag starta dei telefonrunden til firma i Os for å invitera dei med.
– Det ser ut til å vera stor interesse for dette i Os. Dei fleste bruker litt tid på å bestemma seg, men vi har allereie fem som har meldt seg på og to andre firma som trengte litt tid på å stadfesta, seier David Genius, CEO/production manager i Scandinavian Entertainment Service AS.
– Vi her berre plass til 30 lag, så her kan det bli rift om plassane.
Parade og show
Dragebåtfestivalen, som inkluderer parade med båtane og utkledde deltakarar frå grusbanen ved Os ungdomsskule ut til hamna, kan koma til å få over 300 deltakarar.
– Vi deler naturlegvis ut pris for best in show og fiaskoprisen, blant fleire, fortel Genius.
Dragebåtane kom til Noreg i midten av mai. Den siste helga i mai var det dragebåtfestival i Lindås.
– Det blei ein skikkeleg folkefest, seier Genius, og viser til omtale i blant anna avisa Strilen (sjå reportasje med bildeserie).
Sagstad og Solsiden kjøre utvida kapasitet i telt utanfor uterestauranten denne helga, tilsvarande kapasitet som under Osfest o månadsskiftet juli-august.