Kultur | 02. mars 2015

Dragebåtfestivalen kjem til Os!

På 90-talet samla dragebåtfestivalen 25.000 feststemte i Bergen. No vil Rune Nilsen og Tore André Sagstad skapa tilsvarande folkefest i og rundt Os hamn.

Dragebåtfestivalen kjem til Os!
Rune Nilsen og Tore André Sagstad ser for seg eit folkehav av publikum langs bryggene, der det også blir uteservering, siste helga i august. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymåndag 02. mars 2015 21:48

Bildeserie:

Omtrent sånn ser ein drakebåt ut. (Foto: dragebåt.com)
Omtrent sånn ser ein drakebåt ut. (Foto: dragebåt.com)
BÅtane har plass til åtte padlarar, ein rormann og ein til å tromma takta.  (Foto: dragebåt.com)
BÅtane har plass til åtte padlarar, ein rormann og ein til å tromma takta. (Foto: dragebåt.com)
Drakebåtracet skal starta inst i Os hamn. (Foto: KVB)
Drakebåtracet skal starta inst i Os hamn. (Foto: KVB)
Solsiden i Hamnevegen vil søkja om uterestaurant på denne brygga. (Foto: KVB)
Solsiden i Hamnevegen vil søkja om uterestaurant på denne brygga. (Foto: KVB)
I Vindu mot fjorden-anlegget er det god plass til publikum.  (Foto: KVB)
I Vindu mot fjorden-anlegget er det god plass til publikum. (Foto: KVB)
Underholdning Vest AS har bestilt 6 båtar og vil ta imot påmelding frå 30 firma og venegjengar i Os.  (Foto: dragebåt.com)
Underholdning Vest AS har bestilt 6 båtar og vil ta imot påmelding frå 30 firma og venegjengar i Os. (Foto: dragebåt.com)
Solsiden, her under Osfest, er samarbeidspartnar til dragebåtfestivalen i Os. (Foto: KVB)
Solsiden, her under Osfest, er samarbeidspartnar til dragebåtfestivalen i Os. (Foto: KVB)
1 av 7

Åtte som padlar, éin ved roret og éin til å tromma takta. Entusiastiske kollegaer på bryggekanten. Alle i båten, og på land, med kostyme på. Helst.

– Prosesjonen var omtrent som eit 17. maitog, folkefesten likna stemninga vi no for tida har under Tall Ships Race, berre gøyare, seier Rune Nilsen.

Han var med då dragebåtfestivalen på 90-talet var på topp i Bergen.

No har han og Thomas Kristiansen, som begge har lang fartstid i underhaldningsbransjen, planar om å laga nye dragebåtfestivalar i både Bergen og fleire nabokommunar med selskapet Underholdning Vest AS.

Skumla drakar i Os hamn

Den kinesiske tradisjonen med drakebåtar er over 2000 år gamal. Den populære statsmannen Qu Yuan, som blei forvist av keisaren og seinare hamna i elva, blei ikkje redda. Men lokale fiskarar gjorde ein innsats for å skremma fisken frå å eta liket hans. Seinare blei det halde festivalar med skumle drakebåtar (Tuen Ng) i landsbyane langs elva, der dei både ville skremma vekk onde ånder samtidig heidra Yuan.

Utanom Bergen vil Underholdning Vest laga dragebåtfestival i nabokommunar som Lindås, Os og Stord.

– To dagar med folkefest

– Det skal bli fest heile dagen, med prosesjon gjennom Os og fleire heat med roing i hamna. Søndag blir det familiefest der ungane kan få padla.

– Hugs at dette handlar om meir enn padling. Det blir premiar til både «best in show» og ein eigen «fiasko-pris». Det er like mykje prestisje i alle, ler Nilsen.

Dragebåtfestivalen i Os blir arrangert på seinsommaren, 29. og 30. august, same helg som Bondens Dag og helga før Oselvarfestivalen (som inkluderer kapproing i oselvar).

– Vi har inngått samarbeid med Solsiden, som vil servera mat og drikke frå eigen restaurant og søkja om utvida serveringsområde på brygga i Hamnevegen, seier Nilsen.

Solsiden-eigar Tore André Sagstad seier han har vore i positiv dialog med Os kommune og at han no vil søkja om nødvendige løyve på land og i vatn.

Sjølv jobba han som vakt på Zachariasbryggen på 90-talet, og kjenner til kor livleg det kan bli under dragebåtfestivalar.

– Eg har også prata med Dag Erik Dahlslett frå Fana Catering om levering av mat. Dag Erik var jo drakebåtgeneralen i Bergen, så han blir kjekk å ha med seg.

30 firma i 6 båtar

Arrangørane har bestilt seks nye drakebåtar frå Kina. Osingen Reinhardt Østrem, den tidlegare utelivsbaronen i Os som dei siste åra har drive med import frå Kina, hjelper til med å få båtane til Noreg.

– Det er passeleg med opptil fire båtar per heat, så dei seks båtane blir brukt av fleire firma, nabolag og andre grupper som ønskjer å melda seg på.

Kvar båt treng åtte padlarar, ein rormann og ein til å tromma takta.

– Dei skal ro frå inst i hamna og 200 meter ut rundt ein bøye og inn igjen.

– Tenk deg livet vi kan få i hamna og på desse bryggene, Os er jo som skreddarsydd for drakebåtfestival, seier Nilsen og ser ut over ei blikkstille hamn måndag formiddag.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.