No ligg dei på topp
Øystese tapte gårsdagens kamp for Haugesund 2 og nykomaren i 3. divisjon, Lysekloster, toppar no tabellen. – Hard trening er oppskrifta, seier Sandal før laurdagens toppkamp.
Serieleiar før 9. runde, Øystese, tapte gårsdagens kamp i Haugesund, og Lysekloster held på topplasseringa dei fekk etter bortesigeren over Åkra.
– Å toppa tabellen etter to-tre rundar betyr ikkje noko, men at vi ligg på topp no, etter ni rundar, synest vi er veldig stas, seier tidlegare A-lagstrenar, dagleg leiar i Lysekloster IL, Ørjan Sandal.
Sandal har leia Lysekloster frå 7. til 3. divisjon på 4 år. No leiar dei 3. divisjonsavdelinga på målforskjell framfor Øystese.
– Det byrjar å bli nivå på motstanden, likevel er de i toppen igjen. Kva trur du har vore viktigaste ledd i førebuingane til ny divisjon, ei oppskrift de tydelegvis framleis har suksess med?
– Vi har alltid starta førebuingane til neste nivå tidleg. Allereie i haust auka vi på, og vi trener framleis knallhardt. Innimellom slepp vi opp litt, før Hundvåg for eksempel, men dei fire øktene vi har i veka er harde.
– De har også styrka stallen kvart år. Har det hatt mykje å seia?
– Ja. Vi har vore bevisste på å ta inn nye spelarar før kvar sesong og i løpet av kvar sesong.
– Det handlar ikkje berre om å få tak i gode spelarar, men å få friskt blod inn i gruppa, det blir alle betre av.
Sandal vil samstundes presisera at Lysekloster i stor grad er basert på lokale spelarar.
– I alle kampane i år har vi hatt 7 til 9 lokale spelarar i startellevaren, 2 av desse er dei lokale juniorane Preben Skorpen og Johannes Jordal.
Allereie laurdag får Lysekloster ein forventa tøff kamp i konkurransen om dei neste tre poenga og status som serieleiar.
– Vardeneset ligg på 4. plass berre 3 poeng bak oss. Dei har vunne 3 av 5 bortekampar, men vi er sterke heime og håper på både siger og mykje publikum til denne toppkampen, seier Ørjan Sandal.
Kampen startar klokka 15.
Os speler også heimekamp til helga. Dei tar imot Åkra søndag klokka 19.