Fotball | 02. juni 2013

– Kjetil og Kim redda dagen

Os tapte for bunnlag, Lysekloster tok sin fjerde siger på rad.

– Kjetil og Kim redda dagen
Det var i periodar hektisk framfor Lysekloster sitt mål, men Kjetil Hansen hadde stort sett kontroll. (Foto: Dagfinn Breivik, Lysekloster IL)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysundag 02. juni 2013 12:52

Laurdag spelte både Os og Lysekloster på bortebane.

Lysekloster spelte mot Åkra, som blant anna har slått både Haugesund 2 og Fyllingsdalen 2.

Åkra - Lysekloster 2-4 (0-3)
Mål, Lysekloster: Kim Kleivedalen 3 og Eirik Musland

– Vi var heldige som leia 3-0 til pause. Åkra var eit godt lag, men vi putta på dei sjansane vi hadde, seier trenar Thomas Sandal.

I tillegg redda Kjetil Hansen straffe. Eirik Musland skåra Lysekloster sitt første mål. Dei tre neste var det Kleivedalen som sette.

– Kjetil og Kim redda oss i går. Vi må opp nokre hakk til neste kamp, meiner Thomas.

– God innsats, kjipt resultat

Os spelte mot Hundvåg, som Lysekloster slo heile 8-0 i førre runde.

– Det er det svakaste laget vi har møtt og det kjipaste tapet vi har hatt i år, synest Os-trenar Tore Nielsen.

I går var han nøgd med både innstilling og innsats i eige mannskap, og fortel at Os fekk til spelet sitt og styrte kampen.

Men straffemiss av Preben Borgen og ei skåring av Tore Valvik som linjemannen ikkje fekk med seg, der ballen gjekk i trerrliggar, ned i mål og spratt ut igjen, var det nærmaste Os kom mål.

Hundvåg - Os 1-0

Os spelte utan toppskårar Erik Kanestrøm i går.

– Dessutan har vi eit par sentrale spelarar som ikkje er heilt i strøk. Ein som skal ha skryt etter gårsdagens kamp er Glenn Krossøy. Han var i utgangspunktet ikkje tenkt med i troppen, men framsto som ein av våre aller beste, seier Nielsen.

– Sjølv om motstanden var svak og tapet var kjipt er viser nok dette at vi akkurat no ikkje er god nok til å ligga i toppen av 3. divisjon. Vi sliter litt med dårleg oppmøte på trening, skader og eksamen, og får ikkje heilt dei øktene vi ønskjer for tida.

Heimekampar neste helg

Lysekloster toppar no tabellen, i alle fall inntil Øystese speler mot Haugesund 2 på måndag. Os ligg på 6. plass.

Lysekloster speler neste kamp heime mot Vardeneset laurdag klokka 15, Os møter Åkra heime søndag om ei veke, med kampstart klokka 19.00.

Sjå tabell

Fleire kampar i dag

Både Lysekloster 2 og Os 2 speler heimekampar i dag. Os 2 mot Odda klokka 14, Lysekloster 2 mot Fitjar klokka 16.

Damelaget til Os spelert toppkamp mot Sund klokka 16.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.