No kan du få festmaten i kasse
Os-bedrifta Su Vidd AS, som var involvert i Adams Matkasse sin start, kjem no med «ein hybrid av catering».
Dei siste åra har mengda med leverte matkassar, ferdigporsjonerte råvarer og oppskrifter, auka kraftig over heile landet.
No kjem den to år gamle Os-verksemda Su Vidd AS med ein matkasse meir retta mot helg, besøk og fest, der alt er ferdig laga.
– Kan du steika ein frossenpizza så kan du varma deg ein festmiddag frå våre selskapskassar, seier Bjørn Egil Mogenstad.
Denne veka lanserte Matgal Catering og Selskapskasse AS løysinga, der du via nett bestiller tapas eller grillmat og får det fraktfritt levert på døra. Allereie neste veke blir leveringsområda utvida frå Oslo, Stavanger og Bergen til blant anna Os.
– Dette er som ein hybrid mellom matkasse og catering. Alt er laga frå botnen, med friske råvarer, men her er det òg klart for servering.
– Vi ville nok ikkje ha satsa på dette om det var for eit par år sidan, men no no har distribusjonsnettet både vist seg å vera stort nok og det er godt utprøvd av matkasse-leverandørane.
Mat-bygget i Industrivegen
Adams Matkasse har pakking og distribusjon til heile Noreg i Os, hos Frode Søviknes sitt selskap Oleanna AS i lokalet over Meny i Industrivegen. Der har også Os Catering AS, som har Ole B-stuene i Lysefjorden, og kokkane i SuVidd kontor.
http://www.midtsiden.no/spotify-investor-satsar-pa-os
http://www.midtsiden.no/nye-takter-pa-ole-b
Su Vidd AS er i hovudsak eigd av Bjørn Egil Mogenstad og Steffen Færø, med 45 prosent kvar, og omsette for heile 12 millionar kroner sitt første driftsår (2014).
Les òg: Startar nye mateventyr
– Vi lagde nokre rettar for Adams Matkasse, men har aldri hatt som målsetnad å berre vera ein underleverandør. Vi vil utvikla nye «brands» og har jobba med å få ferdige rettar ut i daglegvarehandelen.
Oishi, ferdige nudelrettar klare for oppvarming, er først ut.
– Dette tok lengre tid enn venta. 2015 blei eit turbulent år, men no er vi i hyllene hos Rema 1000 og Norgesgruppen i utvalte byar og butikkar og jobbar vidare med å auka frå 250 til 900 butikkar.
I nytt Matgal-samarbeid
Matgal Catering og Selskapskasse AS er eit firma frå Nesttun med blant andre Thomas Madsen og Bjarte Raa.
Mogenstad og Færø er òg med på eigarsida, i tillegg til at dei med Su Vidd AS skal produsera innhaldet i kassane.
– I motsetnad til matkassane med råvarer til middag, har vi ikkje abonnement. Her bestiller du når du skal ha besøk, klubb, fest eller rett og slett berre ein god middag.
Både tapas og grillmat kjem i ulike storleikar og med sjanse til å bestilla ekstra av enkelte element. Minste pakke har mat til fem personar.
– At vi ikkje har abonnement gjer at vi er ekstra spente på mottakinga av tilbodet, seier Færø og Mogenstad.
Servert på tørka palmeblad!
Det er ikkje berre svisker med bacon eller scampi du kan bestilla ekstra av, du kan òg bestilla éingangsemballasje hakket finare enn den som følgjer med.
– Det er forskjell på ein god lunsj på brakka og ein venninnekveld eller ein 50-årsdag. Samtidig kan det vera greit å sleppa oppvasken etterpå.
Den oppgraderte emballasjen er dessutan svært miljøvenleg, ifølgje greenway-norge.no den første eingangsemballasjen til mat med Svanemerke.
– Emballasjen er ikkje berre fin, den eignar seg betre enn papp, er finare enn plast og er laga av tørka palmeblad. Den er fin å anretta på, samtidg som du kan kaste den med like godt samvit som du kastar eit bananskal. Etter at du har ete opp, seier Bjørn Mogenstad.