Startar nye mateventyr
Su:Vidd tar over drifta av Ole B og lokala til Smak Catering, og startar produksjon av middagsprodukter, blant anna for Adams Matkasse.
Su:Vidd har overtatt lokala til Smak Catering over Meny i Industrivegen og har starta produksjon av middagsprodukter, mellom anna for Adams Matkasse.
Lokalet leigar dei av Frode Søviknes, som òg er medeigar i Smak Catering og Ole B Stuene i Lysefjorden.
– Avtalen med Søviknes er at vi også skal driva desse to selskapa, fortel Bjørn Mogenstad, ein av dei to gründerane bak Su:Vidd.
– Det er heilt klare synergiar å henta mellom dei tre selskapa, både i produksjon og med tanke på tilsette.
Starten på ei ny industribedrift i Os
I over eitt år har Mogenstad og Steffen Færø jobba med planane om å starta ei mindre matindustribedrift med fokus på kvalitetsmat produsert etter sous-vide-prinsippa.
– Dette er ein prosess kor ein behandlar produkta over tid med låg temperatur. Det gjer at til dømes kjøtt blir like rosa gjennom heile stykket.
– Etter at kjøtet er ferdig blir det kjølt ned og sendt ut til kundane, som ved å følgja ei enkel oppskrift har nydeleg mat ferdig i løpet av få minutt.
– I juli tok vi over desse lokala, og allereie no er produksjonen oppe og går, fortel Bjørn Mogenstad.
12 tilsette
Då Midtsiden var innom hadde Su:Vidd nettopp levert seks pallar sosekjøt og fire pallar kylling til Adams Matkasse sitt pakkeri i nabolokalet.
– Vi er med å designa produkter til vekesmenyane deira, som vi etter at vi er einige om korleis dei skal vera, set i produksjon.
– Til å stå for produksjonen har vi allerie i dag 12 tilsette fordelt på 10 årsverk. Om vi held den takta vi har no, så vil vi omsetja for 25-26 millioner kroner i året.
– Men etterkvart som vi får på plass meir av produksjonsutstyret vi skal ha, så ser vi for oss å jobba på fleire skift, med fleire tilsette, og naturleg nok auka omsetjinga, seier Mogenstad.
Kjem også i butikk
I tillegg til å levera til grossistar som Adams Matkasse, ser dei to gründerane for seg å levera direkte til sluttbrukar.
– Vi har allereie intensjonsavtale med eit par butikk-kjedar om å levera ferdigrettar og slow-cooked-produkt.
– Desse vil koma som eigne merkevarer og vera høgkvalitetsprodukter, men til ein god pris.
– Vi ser for oss å starta med 18 ferdigrettar og åtte slow-cooked-produkt i første omgang.
– Ferdigrettane vil i starten hovudsakeleg vera orientalske rettar, som skal kunna konkurrera med det meste av det du av lunsjrettar på orientalske restauranter. Vi har jobba med nokre av dei fremste restaurantørane innan dette segmentet for å utvika rettane, forklarar Mogenstad, som legg til at målet er å vera ute i butikkane allereie før jul.
Vil utnytta kapasiteten
Ei tredje kundegruppe, dei så langt ikkje hatt tid til å jobba med, er horeca-segmentet (hotel, restaurant og café/kantine).
– Vi har fått nokre forespurnadar allereie, men har ikkje hatt kapasitet til å jobba med det enno.
– Det er absolutt eit segment som er interessant, ikkje minst når vi får full kapasitet på anlegget, avsluttar Mogenstad.