No blir Svegatjørn tappa
Måndag blei Ulvenvegen stengt, i dag starta tappinga av Svegatjørn.
Bygging av ny busslomme i Kolskogheiane er ferdig og måndag kunne vegvesenet stenga fv 160 Ulvenvegen.
Med stenging av vegen blei det utløyst endå høgare aktivitet av Veidekke, som den største kontrakten på Os-delen av E39 Svegatjørn-Rådal.
Graving til innhogget på det som skal bli Skogafjellstunnelen (1,5 km) er i gang ved den stengte vegen.
Tappar Svegatjørn
I området ved Svegatjørn blir det tidleg etter første spadetak 29. september bygd anleggsveg ned til vatnet for tilkomst til prøvetaking og transport av pumper.
– Kor tid skal vatnet tappast?
– Eg lurer på om dei startar i dag eller i morgon, seier Tryve Slåke frå Veidekke.
Svegatjørn, som er 7 meter djupt, skal tappast og fyllast med stein. Då Midtsiden var nedom vatnet onsdag ettermiddag var tappinga i gang.
Tidlegare har det så vidt sildra vatn i den dekorative natursteinsbekken mellom Svegatjørn og Ulvenvatnet, no fossar vatnet ned langs E39.
Tunell og ferdig veg
Drivinga av Skogafjellstunnelen skal starta i månadsskiftet januar-februar.
Lurer du på korleis vegen blir? Sjekk denne videoen!
Sjå Midtsiden samleside E39 Svegatjørn - Rådal
Om E39 Svegatjørn - Rådal
• Strekninga er på totalt 17,7 km og skal gå som firefelts motorveg mellom Os og Fana.
• 14,7 av den 17,7 kilometer lange vegen blir i tunnel. Den lengste tunnelen blir den 9,2 km lange Lyshorntunnelen mellom Endalausmarka og Rådal.
• Lengst sør, frå Svegatjørn til Endelausmarka, kjem den 1,5 km lange Skogafjellstunnelen.
• Dagsona gjennom Endelausmarka blir 1,1 km lang. Her kjem også fleire store næringsområde, blant anna Lyseparken på rundt 500 mål.
• Prosjektet omfattar også ny fylkesveg frå kryss i Endelausmarka til Åsenvegen og utbetring av eksisterande fylkesveg 163 for cirka 40 millionar kroner.
• Lyshorntunnelen (9,2 km) kjem i nord ut i Rådal, med ei kort dagsone og kryssområde på 200 meter før den går vidare i 2,2 km lange Råtunnelen. Denne kjem i fjellet vest for dagens vegsystem ved Laguneparken. Ny vegline held fram til dagens riksveg 580 sør for Troldhaugtunnelen.
• Pris 6,5 milliardar kroner (2014 prisnivå), 40/60 bompengar/stat
• Byggestart: Torsdag 3. september (1. oktober i Os) 2015.
• Antatt ferdig i 2022