Bjørnafjorden kommune | 03. des. 2024

No blir det lengre lyst langs kommunale vegar

Lys mellom klokka 06.00 og 23.00

No blir det lengre lyst langs kommunale vegar
Illustrasjonsfoto fra arkiv. Kjetil Vasby Bruarøy / Midtsiden
Marie Ingeborg Kroka
Marie Ingeborg Krokatysdag 03. des. 2024 14:02 - Sist oppdatert 03. des. 2024

I januar i år starta sparetiltak med å redusera tida veglysa er tent langs kommunal veg.

I første omgang skulle lysa vera slukka mellom klokka 20.00 og 07.30.

Sparetiltaket fekk verka i knappe ti dagar før tilbakemeldingar førte til endring, gjennom ein time lenger med veglys. Fram til i dag har veglysa vert stengt mellom klokka 21.00 og 07.30.

No varslar kommunen på ny at tilbakemeldingar har ført til meir gatelys i morgon- og kveldsmørket:

«Etter fleire tilbakemeldingar om trafikkfarlege mørke strekningar, blir det no endringar», det skriv kommunen i ei fersk oppdatering i dag.

Vidare står det:

«Veglysa langs dei aktuelle strekningane vil no først sløkke klokka 23, og bli tende att klokka 6.

Endringane skjer fortløpande. Meir enn 50 ulike lysanlegg må justerast, men innan fredag 13. desember skal alle veglysa vere stilte inn til ny tid.»

Oppdatert 4. desember kl. 11.59:

Kommunalsjef Runar Lunde informerte Plan- bygg og miljøutvalet i dag, om vurderinga som låg bak dei nye veglystidene.

– Det har vore ganske mange henvendingar knytt til dette, som administrasjonen har brukt mykje tid på.

Administrasjonen har vudert situasjonen opp mot kommunestyret sitt vedtak, og har konkludert med at summen som var vedtatt for innsparing er nådd.

– Med dei nye tidspunkta vil vil framleis halda oss innenfor rammene som kommunestyret har sett – difor tok vi oss friheita til å justera dette.

– Lysa vil framleis slå seg av om nettene, men vi trur at dei fleste av dei som har kontakta kommunen vil vera nøgd med dei nye tidspunkta.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.