No betaler båtfolket for seg
Os hamn, som har blitt oppgradert det siste året, fekk tysdag betalingsautomat for overnattande gjestar.
I fjor overtok Os brann- og redningsteneste ansvaret for Os hamn og i 2013 og 2014 har nye installasjonar kome på plass.
Os hamn har no fire nye straumpunkt på gjestebrygga ved Esso, eitt brygga ved Vindu mot Fjorden og eitt ved industrikaien, der gjestar kan ligga om dei viker når næringsdrivande båtar og skip legg til land.
– Vi ventar på StorBergen, som skal få straum og vatn også til flytebrygga for gjestar inst i nyemoloen ved Oseana, fortel Gitle Smaadal frå Os brannvesen.
I industrihamna (den oppgraderte hamna mellom Peppes og Os Sjøfront) har det også kome stasjon for levering av straum til større skip, 32 A og 230 V.
– Nyare båtar har 400 V som standard, men det er ikkje alle båtar, som MS Midhordland, som kan lada på 400 V-stasjonar.
Betalingsautomat kom tysdag
Gratis internett er også på plass og i bruk og tysdag denne veka kom betalingsautomat for overnattande gjestar på plass.
– Gjestar kan koma og ligga gratis heile dagen, men dei som overnattar betala 150 kroner. Då er straum og vatn inkludert.
Frå tysdag til torsdag var det 7 som hadde betalt. Med 5-10 båtar per natt betyr det at rundt halvparten av båtfolket allereie har fått med seg dette med betalingsautomaten.
– Alle velkomstskilta har fått nytt kart og ny informasjon, men vi skal skilta endå betre, også plasseringa av automaten.
Automaten heng på pumpehuset til Os kommune, nær vaskehallen til Esso.
– Kjem det fleire automatar?
– Nei. Om det skal koma noko nytt så blir det ein app der folk kan betala med mobiltelefonen. Men førebels bruker vi berre denne eine automaten.
– Folk forstår
Smaadal fortel at han berre har fått éi negativ tilbakemelding på at Os kommune no tar betalt.
– Men vedkomande, som sjølv er frå Os, forsto oss då eg forklarte at dette er for å hindra at osingar utan eigen båtplass skal bruka gjestehamna som si private brygge, slik det i perdioar har vore før.
– Skal vi oppgradera og driva hamna betre er det dessutan naturleg at vi tar nokre kroner for overnatande gjestar, sånn dei gjer andre stadar.
Osfest-frivillige held hamnevakt
Om ei veke startar Osfest og det er venta ekstra med båtar i hamna.
Brannvesenet kjem til å ta inspeksjonar på betaling, men under Osfest krev det også ekstra vertsskap for å organisera korleis båtane legg seg og for å dela ut informasjon.
– Denne oppgåva tar Osfest-arrangørane seg av. Dei har eigne frivillige som skal ta imot båtfolket.
Betre skjerming
Os kommune har også sett av pengar til betre skjerming av Os hamn.
I arbeidet med å greia ut løysingar skal kommunen ha kome over fleire interessante alternativ innan bølgedemping.