Klart for fleire båtgjestar
Drygt 500 bryggemeter med tilgang på straum, internett, vaskerom og dusj/wc står klar til å ta imot båtgjestar i Os gjestehamn i sommar.
Etter nokre år med lågare aktivitet i Os hamn har Os sitt ansikt mot fjorden fått eit solid løft dei par siste åra.
I fjor kom det både ny gjestebrygge ved Oseana og skilt som viser gjestene kor dei kan ligga og kvar dei finn dei forskjellige fasilitetane.
– I tillegg fekk vi på plass internett-tilgang til båtgjestane.
– Kode for å logga seg på gjestenettet får ein ved å kontakta Esso-stasjonen eller kundetorget i rådhuset, fortel hamneansvarleg Gitle Smaadal frå Os brann- og redning.
Straum, vask og dusj på plass
Før denne sesongen har det kome fleire straumpunkt langs den 250 meter lange gjestebrygga. Kvart av dei med fleire uttak.
– Totalt er det sett opp 4 søyler her på gjestebrygga, eitt på den andre sida av hamna og eitt i hopen ved industrikaien.
– Servicebygget byrjar òg å vera operativt igjen. Vaskerommet og den eine dusjen er klar. Den siste dusjen vil vera det i løpet av ikkje alt for mange vekene.
– Det byrjar å koma seg no, smiler Smaadal.
Framleis gratis å handla på Os
Etter at Smaadal fekk ansvaret for hamna har mykje av kontrollverksemda gått med til å få orden på “vill-camperane”.
– No byrjar det å bli bra. Det er ikkje mange som nyttar hamna som gratis båtplass i fleire veker lenger.
– At vi no får ei gjestehamn som ikkje står tilbake for andre hamner i distriktet håper eg vil gjera at fleire legg turen innom Os.
– Rett nok innfører vi hamneavgift inkludert straum på 150 kroner for dei som vil ligga over natta, men det trur eg båtgjestane vil akseptera no når fasilitetane er på plass.
– Samstundes er det viktig å presisera at det framleis vil vera gratis å legga til for dei som skal bunkra, anten det er drivstoff eller i butikkane på Osøyro. Å ligga til kai på dagtid er gratis.
Kortautomaten for betaling av overnatting vil koma på plass i løpet av nokre veker og vil truleg bli plassert om lag midt på gjestebrygga.
Startar ROS-analyse
Med mellom anna Osfest på trappene ser kommunen behovet for å gjera ein risiko og sårbarhetsanalyse (ROS-analyse) for hamna.
– Eg vil tru at vi har plass til cirka 100 båtar langs bryggene her og utover mot Oseana.
– Difor startar vi no arbeidet med ein ROS-analyse, slik at vi får gått gjennom dei risikoane og aksjonspunkta vi må ta om noko skulle skje, avsluttar Smaadal, som oppmodar gjestene til å orientera seg ved hjelp av skilta som er satt opp på hamna.
Her er gjesteplassane:
Os hamn omfattar både gjestehamn og næringskai. Båtgjestar kan ligga også ved næringskaien, men må vika for nyttetrafikk.
- Om lag 250 meter gjesteplassar framfor Peppes/Esso
- Om lag 100 meter gjesteplasser framfor Vindu mot Fjorden
- Om lag 150 meter gjesteplasser framfor Os Sjøfront
- Om lag 100 meter gjesteplassar ved flytebrygge mellom Oseana og Os Sjøfront
Det finst internett-tilgang og straum på store delar av gjestehamna.
Servicebygg ved Peppes innheld vaskerom, med vaskemaskin og tørketrommel og dusj. Nøkkel kan du få hos Peppes. Myntinnkast i vaskerom og dusj.
Denne saka er også publisert i Midtsiden nr 2 2014. Sjå heile magasinet her.