Sport | 04. juni 2012

NM-gull og to bronse til Joakim

Joakim Sælen tok to bronse i senior-NM i kappgang og gjekk inn til gull i lag-NM.

NM-gull og to bronse til Joakim
Vinnarane 10 km individuelt. F.v.: Håvard Haukenes, Trond Nymark og Joakim Sælen. Det var desse tre som fikk medaljeplassane på 20 km òg. (Privat foto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymåndag 04. juni 2012 09:42

Osingen og Viking-utøvaren Joakim Sælen (18) tok et gull og to bronser i senior-NM i kappgang i Sandane i helga.

Fredag var det 10 km og Joakim gjekk inn på tida 44.52. Klubbkameratane Trond Nymark og Håvard Haukenes kom på plassane over, Nymark vann med tida 42,09, Haukenes kom på 2. plass med 43,54.

Pallen såg lik ut på 20 km, som gjekk laurdag.

Fleire frå Søfteland TIL gjekk eit bra NM, Thomas Ølness hamna på 4. plass med 49,42, Arild Fotland blei nr 5 med 54,30 og veteranen Erling Andersen kom på 10. plass då han gjekk inn på 1.03,53.

Gull med laget

Fredag var det også lag-NM. Joakim Sælen var blant dei fire på førstelaget til Viking, som gjekk inn til gull.

Her er tida til dei tre beste som tel.

STIL tok sølv og Viking 2 fekk bronse.

Under senior-NM i fjor sette Joakim, som er regjerande juniornoregsmeister, banerekord på Byrkjelo under 5000-meteren, som han vann.

• Joakim deltok i sitt første lag-NM for seniorar i 2004, berre 10 år gamal. Han er med det den yngste som nokon gong har deltatt på lag-NM. Då blei det bronse.

• Det er 33. gong på rad at Søfteland TIL har vore på pallen i lag-NM.

• Erling Andersen har 32 NM-medaljar for lag på 10.000 meter. Han tok sin første medalje i 1974, 14 år gamal.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.