Lokal | 29. juli 2011

Niesa funnen

Lokalpolitiker Ingrid Netland (Sp) fekk fredag den tunge meldinga om at niesa er ei av dei drepne på Utøya.

Niesa funnen
Andris Hamrefredag 29. juli 2011 15:49

Sjølv om uroa har vore der gjennom heile veka var det først fredag senterpartiets kommunestyrerepresentant Ingrid Netland og familien fekk stadfesta at niesa Åsta Sofie Helland Dahl var ei av dei 68 som blei skoten og drept i massakeren på Utøya.

- Åsta Sofie var tante si solstråle. Eg var så stolt av hennar politiske engasjement og oppmuntra ho bestandig, fortel Netland til Midtsiden.no

Netland beskriv niesa si som ei solstråle, ein engasjert AUFer som berre ville sine medmenneskje det beste.

- Ho var ei jente full av omsorg for andre, inkluderande og hjartevarm.

Dei to politisk engasjerte sto i kvart sitt parti og kunne ha heftige diskusjonar.

- Ei av dei siste sakene vi diskuterte var datalagringsdirektivet, minnest Netland.

Slapp å li

Skadane gjerningsmannen påførde Åsta Sofie tydar på at ho fekk ein rask død.

- Når det blei som det blei takkar vi gud for at skadane ho fekk gjorde at hennar død var hurtig.

- Ho døydde på post for demokratiet og for et åpent samfunn kor alle skal bli tatt vare på.

Takkar osingane

Etter at det blei kjend at niesa var ei av dei sakna etter tragedien på Utøya har Ingrid følt hjartevarmen frå osingane.

- Eg sett stor pris på alle helsingar eg har fått på sms, telefon og facebook. Dei har varma i den tunge tida.

- Også det at omlag 2000 stilte i fakkeltoget på Osøyro gjorde godt, fortel ho.

Vondt å ikkje få svar

Saman med bror sin køyrde ho den lange vegen frå Vesterålen til Sundvollen då meldinga om skytinga på Utøya kom. Ei veke i sorg og uvisse har vore tungt.

- Eg reagerar på at ikkje dei fem forskjellige offentlege instansane som var på staden var meir samkøyrde og koordinerte.

- Når det er sagt, så var kvar einskild person som vi møtte der, frå servitørar til politi og hjelpemannskapar, heilt fantastiske og vist varme og omsorg for oss, avsluttar Netland.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.