Lokal | 07. nov. 2013

Nektar for fyllekjøring

Ein mann som blei funnen full ved bil i grøfta i september, nekta i retten for å ha kjørt bilen.

Nektar for fyllekjøring
Mannen hadde lånt ein bil som hamna i grøfta, og hevdar han var passasjer. (Lesarbilde)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 07. nov. 2013 08:36

Natt til søndag 15. september, i 03.50-tida, hamna ein bil i grøfta i Søvikåsen.

Ved bilen møtte politiet ein mann i midten av 40-åra, som var tydeleg påverka av alkohol.

Mannen nekta for å ha kjørt bilen og førre veke var saka oppe i Nordhordland tingrett.

– Var passasjer

Sikta forklarte at han hadde sete på med ein han så vidt kjenner, ein han ikkje veit namnet på, men har møtt nokre gongar på Os.

Han sa at vedkomande hadde tilbydd seg å kjøra bilen, som sikta hadde lånt, frå Lysefjorden til Os.

Han fortalte vidare at han var full, at han ikkje hugsar utforkjøringa, og at han sat i passasjersetet då bilen sto fast i grøfta.

Ut av bilen – på førarsida

Politiet har vitne som har observert sikta koma ut av bilen på førarsida etter utforkjøringa. Det var då ingen andre i eller ved bilen.

Det skal berre ha vore eitt nøkkelsett til bilen, og dette skal ha blitt funne i lomma til sikta.

Framleis beslag

Politiet tok beslag i førarkortet etter utforkjøringa, og bad i retten om å få halda på dette til 15. september 2014.

Retten gav politiet medhald til å halda på førarkortet til sikta, men berre til saka er endeleg avgjort, og uansett ikkje lenger enn 8 månadar, altså til 15. mai 2014.

Sikta erklærte at han ville anka avgjerda.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.