Lokal | 15. sep. 2013

2 x utfor med promille

Laurdag og natt til søndag fekk politiet melding om tjuveri i butikk i Os sentrum og to tilfelle av utforkjøring med promille.

2 x utfor med promille
Denne bilen hamna i grøfta i Søvikåsen i natt. (Lesarbilde)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysundag 15. sep. 2013 12:20

Laurdag i 18-tida fekk politiet melding om tjuveri frå ein daglegvarebutikk i Os sentrum.

– Kvinna som stal hadde gått frå staden, men ho var fanga på kamera og vi kjenner namnet hennar.

– Ho blir meldt og vi følgjer opp saka, seier politibetjent Benedicte Svanes.

Tjuveri og narkotika

I 22-tida var det ein innringar som fortalte at han hadde blitt fråtatt nokre gjenstandar.

Då politiet kom til staden fann dei narkotika i husværet. Ein peron blei frakta til Bergen.

I 00.30-tida fekk politiet melding om støy frå fest i Lekvenmarka. Dei rykte ut og festen roa seg.

To i grøfta med promille

Viking var på staden for å redda fast ein bil som sto på ein skogsveg i "Brattabakken", ifølgje politiet.

– Det lukta alkohol av førar og vi rykte ut. Vedkomande, ein 24 år gamal mann, er mistenkt for promillekjøring.

Litt over klokka 4 natt til søndag fekk politiet nok ei melding om utforkjøring.

– Ein mann sto ved ein bil som låg i grøfta i Søvikåsen. Vi rykte ut og vedkomande, ein 45 år gamal mann, blåste til 2,4 i promille, fortel politiet.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.