Lokal | 17. mars 2013

Naturen i høgsetet

Søndagsportettet: Helge Haukeland.

Naturen i høgsetet
Taksidermist, naturfotograf og naturfilmskapar Helge Haukeland (Foto: Lars Moberg Haukeland)
Kari M. Lyssandsundag 17. mars 2013 11:18

– Eg er vitne til den største naturendringa i Os sidan svartedauden, der slepphendte lokalpolitikarar tillet massiv nedbygging av naturareala og der ein byggjer ut utan skikkelig omsyn til kultur, naturlandskap og tradisjonar, seier ein engasjert Haukeland.

– Vi har mista mange fine kvalitetar i Os, både naturlandskap og skogsområde som i dag er vekke.

– Å sikra naturmangfaldet i Os handlar til sist om å sikra livsgrunnlaget både for oss sjølv og for framtidige generasjonar.

Stoppa ut første dyr som 3. klassing

Då Helge var liten gut hadde mor hans problem med å halda han innandørs. Han og kameratane var støtt ute og interessa for dyr og natur var stor.

– Eg samla på alt eg fann i naturen og hadde blant anna ei stor fjørsamling. Eg hugsar ein gong eg skulle med klassen på Naturhistorisk museum og eg gleda meg stort for eg trudde eg ville få sjansen til å få med meg ei fjør eller to derfrå.

– Skuffelsen var stor då eg kom på museet og såg at alle utstillingane var bak glasmonter, humrar Helge.

– På skulen hadde eg Jimmy Øvredal som lærar og han var ei stor inspirasjonskjelde. Jimmyen tok oss med på mange fine turar både i Os og på Dovrefjell, der vi ringmerkte fuglar.

– Kva fekk deg til å velja taksidermistfaget?

– Interessa har alltid vore der og første dyr stoppa eg ut allereie som 3. klassing. Eg styrte på, eksperimenterte og prøvde meg fram.

Montasjen var i live

Helge har fagbrev i taksidermistfaget, men var i drift lenge før det var eit godkjent yrke. Først i 1990 var det godkjent som handverksfag i Noreg.

Ein taksidermist jobbar med avstøyping, modellering, preparering, konservering og montering av fuglar og dyr.

I dag skjer opplæringa normalt ved eitt år i vidaregåande skule og tre år i lære.

– Korleis er marknaden for taksidermistar?

– No er det mange som interesserar seg for natur og jakt så eg får inn trofèar både frå inn- og utland. Elles blir det mykje til museum og utstillingar til formidlingsføremål.

– Ingen kjæledyr?

– Nei, ingen kjæledyr har vore innom enno.

– Har du nokre hendingar du hugsar ekstra godt?

– Ja, alle ringer meg når dei har funne noko, så det manglar ikkje på historiar.

– Eg fekk ein gong inn ei kattugle som var påkjørt, men i live. Ho fann seg ein plass i verkstaden min og der sat ho heilt i ro heile dagen.

– Då ein kunde kom innom og gjekk rundt og kikka på arbeidet mitt fekk han seg ein skikkeleg støkk då den eine ”montasjen” plutseleg blunka til han.

– Og ein gong ringte ein mann som hadde fått eit dyr i pipa. Då eg kom fram og opna feieluka så såg eg kun to store auge som kikka rett på meg. Det var ei ugle dekka heilt svart av sot.

Jakta grizzly i Alaska

Nyleg var Helge i Alaska på grizzlybjørn-jakt.

– Der er det 35.000 til 45.000 grizzlybjørnar og vi gjekk i 8 – 14 timar kvar dag på stadar det ikkje lovleg å ferdast med motoriserte kjøretøy.

– Det var ei fantastisk oppleving, og no ventar eg inn to av bjørnane vi skaut som eg skal montera.

Haukeland er ein kjend og respektert taksidermist og har vunne fleire førsteprisar både i Europa- og Nordiskmeisterskap.

– Kva er den gjevaste prisen du har vunne?

– Den gjevaste prisen må vera då montasjen av ”den spisende oteren”. Den blei kåra til ”Nordens preparat 2005” med heile 97 av 100 moglege poeng.

– Når 100 poeng tilsvarar eit levande dyr så må eg sei meg svært nøgd med 97 poeng.

– No har eg dessverre ikkje tid til å væra med å konkurrera lenger.

Vann ”grøn” Oscar

For det er ikkje få jern Helge har i elden.

I tillegg til taksidermist er han naturfotograf og dokumentarfilmskapar og har blant anna produsert seks dokumentarfilmar for NRK, i samarbeid med broren Per Nikolai Haukeland, som driv Skirnir AS, og saman med fleire osingar, som Ole Vidar Søviknes og Tommy Aase.

– Eg ønskjer å setja søkjelys på menneska sitt forhold til naturen og ideane til filmane har vore mine frå start.

Dokumentaren ”Sigfred og Ragnar og dei sju strauman” frå 1998 resulterte i fleire internasjonale prisar for skildringa av dei to pensjonistane som budde på Hamarøy i Nordland.

– Høgdepunktet var nok førsteprisen i filmfestivalen Wildscreen i Bristol, som er den største naturfilmkonkurransen i verda og ei slags ”grøn” Oscarutdeling.

Ein raud tråd som snor seg gjennom Helge Haukeland sitt liv, og som mange kjenner til, er hans store engasjement for natur, dyra og deira ve og vel.

Ønsket om å vidareformidla den kunnskapen har gjort at Helge i om lag 15 år har invitert alle tredjeklassingane i Os til å læra om naturen og dyra i nærmiljøet.

– Det er viktig å få dei unge engasjert og å læra dei at det er eit samspel mellom menneske og natur, vi er avhengig av naturen for å overleva.

Les også: Vil inspirera dei unge

Vi må tenka annleis

– Du har opp gjennom åra engasjert deg i saker kring det som skjer i Os. Kva sak brenn du ekstra for i desse dagar?

– Eg meiner drøftingane om kyststamvegen og eventuell bru over Bjørnafjorden handlar mykje om kva kommune Os ønskjer å vera i framtida og kva ein vil tilby.

– Friområda er viktig for folk og vil berre bli viktigare og viktigare i åra som kjem. Os er attraktiv for innflyttarar nettopp på grunn av urørte og ubygde område, men det blir stadig færre av dei.

– Mi meining er at ei bru over Bjørnafjorden vil på mange måtar bli krona på verket - i negativ forstand. Dei vil øydeleggja noko av det finaste vi har og det er synd om vi mistar desse nære naturverdiane.

– Om brua kjem så blir det endå meir trafikk og meir forureining, og korleis går det i hop når ein då skal tenkja på miljøet?

– Kva meiner du vi bør gjera?

– Vi må byrja å tenka annleis for å ta vare på naturområda til framtidige generasjonar, for ser du 20 – 40 år fram i tid så kjem område der ein kan søkja rekreasjon til å vera ettertrakta fordi det finst færre av dei.

– Lokalpolitikarane har eit stort og viktig ansvar for å ta vare på natur og miljø på ein skikkelig måte .

– Dei vil jo ha gullaksen sin dei, men det har ikkje akkurat blitt mykje arbeidplassar langs Halhjemsvegen på grunn av E39. Kun støv og støy, og eit Søre Neset splitta på midten, seier han.

Stadig nye prosjekt

Då Helge var fem år flytta han med familien frå Tromsø til Os. Heimegarden på Haugland har Helge teke over og bur der no saman med sambuaren og deira to søner. I eit moderne samfunn der mykje av maten er ferdigprodusert, er Haukeland ein ivrig jeger og familien et ofte mat dei har hausta sjølv.

– Eg jaktar på hjort, så heime hos oss et vi stort sett kjøtt av hjort eller reinsdyr. Og vi er glad i å fiska og plukkar ein del sopp, så mykje av maten vi et får vi tak i sjølv.

Helge har framleis ein del nordlending i seg, og reiser ofte nordover og til ei øy han har funne seg uti havgapet.

– Eg kallar ho berre for ”øya mi” og der reiser eg for å slappa av og nyta freden og den flotte naturen.

– Kva slags planar har du vidare?

– No held eg på med ein ny dokumentar for NRK som skal vera klar i 2015. Og så er eg med som fotograf på bildespel-prosjektet ”Fjellfolk” i Telemark som Randi Storaas frå Norheimsund lagar, og som skal stå klar i mai.

– Det er eit eller anna som skjer så eg blir nok ikkje arbeidsledig med det første, avsluttar han.

5 på rappen

– Fortel ein ting om deg sjølv som få eller ingen veit?

- Det må nok framleis vera hemmeleg.

– Kva slags lesestoff føretrekker du?

– Eg er glad i å lese om natur, kulturhistorie og om mennesket. Og så synest eg Knut Hamsun skildrar naturen på ein flott måte.

– Korleis er den perfekte frikvelden din?

– I Nord-Noreg på øya mi ein perfekt sommarkveld med midnattsol. Åleine i ein fluktstol, tenna sigaren og nyta freden.

– Kva er din beste og verste eigenskap?

– Det verste må nok vera at eg bruker veldig mykje tid på det eg driv på med, og beste er nok at interessene mine gjer at familien får oppleva fine ting i naturen.

– Om du kunne reist tilbake i tid og gjeve eit råd til den yngre deg, kva ville det ha vore?

– Gjer det du har tru på og stå for det du gjer. Og gjer det fullt ut.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.