Vil inspirere dei unge
I omlag 15 år har Helge Haukeland brukt ei veke av året til å læra alle 3. klassingane i Os om naturen i nærmiljøet.
- 3. klassingane er rette alder å ha på besøk.
- Dei er veldig impulsive og det er no det er rette tida å få dei interessert i naturen, seier Haukeland.
Ivrige deltakarar
Det mangla ikkje på engasjement då 3. klasse frå Os skule vitja Haukeland måndag. Fleire hender var til einkvar tid i veret og mange ville svara på spørsmåla frå Haukeland. Elevane kom også med fleire gode innspel og hadde mange historiar dei ville dela.
- Dei spør om alt mogleg, både om kvar ein finn forskjellige dyr og kva som er størst eller lengst.
- Eg plar spørra dei kva det største dyret vi har i nærmiljøet vårt og det manglar ikkje på gode forslag, alt frå bjørn til dinosaur.
- Det er få som veit at det er hjorten.
Eit av høgdepunkta er å få sjå og ikkje minst kjenne på dei forskjellige dyra Haukeland har utstilt, og gjennom bildeframsyninga lærer borna om både hubro, hakkespett og mårkatt.
- Det er kjempekjekt! fortel elevane Tuva og Karina.
- Det kjekkaste er å få sjå og ta på dyra, og så har vi lært at vi må ta vare på naturen fordi då tar vi og vare på dyra som bur der.
Eit ønske om å formidle
Haukeland legg ikkje skjul på at det ligg mykje arbeid bak timen borna får hos han, men ønsket om å formidle kunnskap om naturen gjer det verd alt forarbeid.
- Born i dag er veldig opptekne av data som passifiserar dei mykje, og målet mitt er å inspirere dei til å oppsøkja naturen og ikkje gløyme at vi er ein viktig del av han.
- Det å få sjå og kjenna på dyr i verkelegheita gjev jo ei anna oppleving enn å sjå det på film.
At mennesket er ein viktig del av naturen lærte i alle fall elevane ved Os skule. Då Haukeland spurde dei kven som er den største fienden til oteren kom det mange gode forslag. Både bjørn, ulv, hai og krokodille blei nemnd, men ingen av dei visste det riktige svaret, nemlig mennesket.
- Eg har fått mange gode tilbakemeldingar på opplegget mitt, blant anna at det har vore høgdepunktet på barneskulen, og det er jo veldig kjekt å høyra, avsluttar Haukeland med eit smil.