Fotball | 09. mars 2022

Nær utlikning mot Øygarden

Os forsvarte seg godt mot 2. divisjonslaget.

Nær utlikning mot Øygarden
Steffen Kvamsdal, her i NM-kampen mot Øygarden i fjor, breisida ballen rett utanfor i sluttminutta i går. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 09. mars 2022 09:10

Før vinterferien blei ein planlagt treningskamp mellom Os og Øygarden utsett, tysdag kveld tok Os imot motstandaren frå PostNord-ligaen.

Øygarden landa på 7. plass i PostNord-ligaen avdeling 2 i fjor, og slo Os 2-6 i NM på seinsommaren.

Treningskampen i går gjekk over 2 x 35 minutt og var nær på å enda uavgjort.

Os - Øygarden 0-1 (0-1)

Os hamna under 0-1 på eit frispark kort tid før pause. Stillinga sto seg kampen ut.

– Steffen Kvamsdal breisida ballen rett utanfor i sluttminutta på ein stor sjanse av oss. I sjansar var det ganske likt i går, men eg skulle ønskt at vi varierte noko meir i presspelet vårt, og at vi var noko betre då vi hadde ballen, seier Os-trenar Endre Brenne.

Hovudfokus i kampen, og i førebuingane til kampen, var defensiv struktur.

– Der var vi solide. Vi låg tett og kompakt, med fine avstandar i laget. Eg skulle som sagt helst sett at vi varierte noko meir, men det er ei god kjensle, no når det nærmar seg sesongstart, å veta at du kan forsvara deg.

Os: Kasper Færøvik - Anders Havsgård, Torgeir Lunde, Petter Hilton - Thomas Spilde, Steffen Kvansdal, Kristian Halvorsen, Sverre Spangelo Haga - Sebastian Plätzer, Henrik Tysse Sperrevik og Roger Ekeland.

Innbytarar med speletid: Sander Dyngeland, Sander Kvittingen, Jonathan Mjånes Lund og Leif Simen Mjånes.

Bildeserie:

Henrik Sperrevik, her for Os i 2019, er tilbake på Kuventræ. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Henrik Sperrevik, her for Os i 2019, er tilbake på Kuventræ. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kristian Halvorsen er tilbake frå skade. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kristian Halvorsen er tilbake frå skade. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Det same er Thomas Spilde. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Det same er Thomas Spilde. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Knut Spangelo Haga spelte også mot gamleklubben Os i NM i fjor. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Knut Spangelo Haga spelte også mot gamleklubben Os i NM i fjor. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
1 av 4

Øygarden stilte med tidlegare Os-spelar Knut Spangelo Haga, som kom innpå i 2. omgang og spelte mot veslebror Sverre Spangelo Haga på Os.

Os, som har hatt ei skadeprega oppkøyring, har fått Kristian Halvorsen og Thomas Spilde tilbake i spel.

Marius Mikkelsen byrjar også å koma i form, og skal etter planen få seg nokre minutt i generalprøven på laurdag.

Laurdag (kl 17) speler Os heime mot Åsane 2 i det som blir siste treningskamp før NM-kvalik borte mot Sund laurdag 19. mars.

I tillegg har Henrik Tysse Sperrevik kome tilbake til Os etter to år i Sogndal og Lysekloster.

– Henrik har hatt ei fin utvikling sidan sist han spelte for oss, og vi er glade for å ha han tilbake! Han er målfarleg og har stor arbeidskapasitet, seier Brenne.

Os har følgjande resultat i treningskampane i vinter:
Os - Frøya 2-1
Os - Lysekloster 0-1
Varegg - Os 3-0
Os - Fana 3-6
Os - Bjarg 1-5
Os - Øygarden 0-1

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.