Møtte landslaget
MOT-ungdommar frå Os møtte landslagsspelarane i Sotra Arena. Ei av dei trådde like godt til som flettehjelp, då Ida Alstad måtte fiksa håret.
I juni skreiv Midtsiden om ungdommar på Os som skulle få oppfylt MOT-draumane sine. Ein av draumane kom frå fleire av jentene som speler på 98-laget til Nore Neset, nemleg det å få møta kvinnelandslaget i handball.
Sundag var det duka for møte i samband med EM-kvalifiseringskampen Norge - Romania i Sotra Arena.
Gjengen frå Os hadde fått kongeplassar rett bak den eine innbyttarbenken.
– Vi hadde ein kjempeoppleving. Det var berre godlyd i bussen heim til Os etter kampen, smiler Lisbeth Axelsen, i denne samanheng lokal MOT-leder.
Fletta Ida Alstad
Ekstra kjekk blei nok opplevinga for Miriam Askvik som trådde til då Ida Alstad trengde å fikse håret.
– Ida kom løpande bort til oss i pausen og lurte på om det var nokon som kunne hjelpe ho med å flette håret.
– Miriam tok det på strak arm og sørga for at fletta kom på plass, smiler Axelsen.
Fekk dobbelt opp
MOT-informatør Kjersti Tysse Plätzer er den som organiserte at jentene frå Nore Neset fekk draumen sin oppfylt. Gjennom god kontakt med Karoline "Karo" Dyre Breivang på landslaget og Larvik fiksa ho det like gjerne slik at dei fekk to handballkamper med seg då dei tidlegare i haust var i Haukelandshallen og såg Tertnes - Larvik.
– Då eg fortalde Karo om draumen i sommar var tilbakemeldinga klar med ein gong. Eit møte skulle vi få til når ho og jentene kom til Bergen.