Morgonfugl klar for å opna matvogna
Lunsj-Ekspressen har første dag i drift denne veka.
I september viste kokken Lukasz Brekke fram den nyinnkjøpte foodtrucken sin, no er matvogna nymalt og ferdig utrusta.
– Eg har fått testa den nokre gongar, blant anna då Os Caravan & Fritid opna ny butikk. No er også alle papir på plass, fortel Lukasz.
Torsdag blir første dag i drift. Trass namnet, siktar han seg også inn på frukostmarknaden.
– Eg kjem til å opna klokka 06. Då er fleire på veg til jobb eller ut i felten, kanskje vil dei ha noko raskt, men smakfullt å eta.
Brekke fortel om stor interesse for tilbodet, og nokre firma som har kontakta han.
– Planen er at eg også skal retta meg mot bedriftsmarknaden. Ved eit visst volum kan dei få maten levert, anten det er frukost eller lunsj.
Førebels står Lunsj-Ekspressen på midlertidig tomt litt over Røde Kors-bygget, der dei søker om å få ei meir permanent plassering.