Fekk ikkje foodtrucken
Matvogna som Havnechefens Restaurant AS ville ha på Øyro i sommar let venta på seg.
Havnechefens Restaurant AS, som leigde Engeline fram til 1. mars i år, har både sett etter alternativt lokale og hatt planar om å driva ein foodtruck på Osøyro.
Matvogna blei bestilt tidlegare i vår og skulle etter avtalen bli levert etter 6 til 8 veker.
– Importøren har problem med å levera så det blir ikkje nokon foodtruck med det første, seier dagleg leiar Reidun Vasby.
– Det er veldig skuffande. Eg hadde sett fram til å få denne i drift og eg får stadig spørsmål frå tidlegare kundar kor tid vogna er på plass, seier kokken Frank Bruarøy.
Har tru på sentrum
Sjølv om det har kome tre nye restaurantar i Os sidan mars (iSushi, Happy Times og Orion), og Engeline framleis er i drift, har Frank tru på at det er marknad for meir mat.
Havnechefens kjem til å bruka litt tid på å sjå etter alternativ, både når det kjem til restaurantlokale og andre foodtruck-leverandørar.
– Øvst på ønskjelista står leigekontrakt i glasbygget «Osrosa» som kjem på Torget. Der held vi dialog med kommunen så får vi sjå når det nærmar seg.
Mens Reidun, som har vore i treningsbransjen sidan slutten av 80-talet, har trappa opp igjen både på Sprek og Blid Os, hos Sissels i Fyllingsdalen og med eigne kurs og coaching-aktivitetar, ser Frank for seg ein sommar som frilanskokk.