Mistenkt for ein serie grove tjuveri
På ransaking i dag: Politiet fann både tjuvgods og teikn til kvar dei utanlandske tjuvane har vore – og var på veg.
Onsdag i 17-tida blei to menn, ein russar og ein frå Estland, tatt på AMFI Os, mistenkt for tjuveri i fleire norske byar.
Dei to er ikkje mistenkt for å ha stole i Os, men er mistenkt for tjuveri frå fleire Elkjøp-butikkar.
– Vi mistenker at dei har stole varer både i Drammen, Kristiansand, Haugesund og Stord, seier politioverbetjent Johannes Råen til Midtsiden.
Råen er leiar for MVK Hordaland, gruppa som etterforskar saker knytt til mobil vinningskriminalitet. Tips frå distrikt sør for Os førte til at dei to utlendingane blei tatt på Amfisenteret.
Har funne fleire spor
I går blei det tatt beslag i fleire gjenstandar politiet trur er tjuvgods.
PC-ar, mobiltelefonar, GPS og fleire Apple-produkt er på lista. Det er også funne dyre merkeklede i bilen deira.
I dag var politiet i Os på ny ransaking i bilen.
– Vi ser etter fleire spor etter kvar dei har vore, og vi har funne fleire, seier politibetjent Kenneth Rastad.
– Vi har også funne tydelege teikn på kvar dei var på veg, legg han til.
Dei to mistenkte blir framstilt for varetekt fredag.