Stoppa tjuvbande på Amfi
To utanlandske vinningskriminelle, som har vore på raid rundt i Noreg, fekk siste stopp i Os.
Onsdag fekk politiet melding frå Amfi Os at ein bil som har vore etterlyst var på staden.
- Det er austeuropearar som raida rundt på forskjellige Elkjøp-butikkar i Noreg, fortel politioverbetjent Audun Hadler Olsen.
Det har blitt sendt ut intern etterlysning av personane og politiet har blitt varsla.
- Vi fekk melding frå sentralen om at bilen var observert på Elkjøp på Stord, og ikkje lenge etter kom det telefon frå Amfi Os.
Tjuvgodset som blei funnen i bilen er frå andre stadar i Noreg.
- Dei to blir no vurdert varetektfengsla og MVK-gruppa i Bergen, som har ansvaret for denne type kriminalitet, tar over saka.