Politi | 21. juli 2024

Mistenker promillekøyring etter at båt gjekk på grunn

Ingen blei skadd i hendinga.

Mistenker promillekøyring etter at båt gjekk på grunn
Båtførar blei tatt med for blodprøvetaking. (Ill. foto: Kjetil Basby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysundag 21. juli 2024 07:44

Politiet fortel om ei livleg helg med få utrykkingar så langt.

– Laurdag kveld og natt til søndag kom det inn klage på feststøy frå fleire plassar i kommunen, fortel politioverbetjent Christine Grindstein.

Politiet hadde ikkje kapasitet til å oppsøka alle adressene, men operasjonssentralen fekk gitt muntleg pålegg over telefon til fleire om å dempa lydnivået.

Fredag i 08-tida fekk politiet melding om ein båt som hadde gått på grunn.

– Ingen var skadd i hendinga, men båtførar, ein mann i 40-åra, er mistenkt for å ha køyrd med promille.

Grunnstøtinga skal ha skjedd i 02-tida. Båten blei taua til land av ei redningsskøyte.

Båtførar blei tatt med for blodprøvetaking og det er oppretta sak.

Det er ikkje opplyst kvar i skjergarden båten gjekk på grunn.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.