Politi | 17. juli 2024

Mopedulykke på Søfteland

Førar blei frakta til Haukeland i ambulanse.

Mopedulykke på Søfteland
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 17. juli 2024 16:44

Politiet opplyser klokka 18.35 om trafikkuhell i Vinddalsvegen på Søfteland.

– Det er ei singelulykke der ein moped velta.

Førar, ein ung mann, er køyrd til Haukeland i ambulanse.

Politiet gjer undersøkingar på staden og vil avhøyra førar når han er ferdigbehandla av helsevesenet.

Oppdatert: Torsdag kjem politiet med meir informasjon.

– Meldar, som bur i nærleiken, var ikkje vitne til hendinga, men høyrde eit brak, fortel politioverbetjent Anne Lyssand.

Politiet fekk melding om ulykka i 17.50-tida. Det var ingen andre vitne til ulykka.

– Førar, ein gut i slutten av tenåra, låg på bakken då politiet kom til staden. Han skulle ta ein testtur på sykkelen før han skulle selja den.

Det var nokre småskadar og litt lekkasje frå sykkelen, som blei frakta heim til guten si adresse av brannvesenet.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.