Lokal | 23. aug. 2018

Mista last i Liafjellstunnelen

Eit køyrefelt var stengt i ein time. Førar er meldt for mangelfull sikring av last.

Mista last i Liafjellstunnelen
Eit køyrefelt i Liafjellstunnelen var stengt i ein time onsdag grunna last som ramla av hengar. (Arkivfoto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 23. aug. 2018 09:15

Onsdag i 12-tida fekk politiet melding ulike gjenstandar i vegbanen på E39 i Liafjellstunnelen.

– Ein del ulike gjenstandar hadde ramla av hengaren på ein bil, fortel politioverbetjent Audun Hadler-Olsen.

Politiet sikra det eine køyrefeltet fram til Vegtrafikksentralen fekk rydda opp. Vegen var open igjen i 13-tida.

– Førar er meldt for manglande sikring av last.

Mistenkt for ruspåverka køyring

UP patruljerte i Os i går. På E39 på Søfteland stoppa dei ein mann i 30-åra som er mistenkt for køyring i påverka tilstand.

Mobil «drugtest» gav ikkje utslag, men det er tatt utvida blodprøve.

Det er førebels ikkje tatt beslag i førarkortet.

Framstilt for varetekt etter vald

Fredag blei ein mann ilagt besøksforbod mot ekskona, tysdag blei han pågripen, mistenkt for både brot på besøksforbod og vald mot kvinna.

– Mannen blir i dag framstilt for varetekt, opplyser politiet.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.