Lokal | 22. aug. 2018

Trassa besøksforbod og var valdeleg

– Det er skjerpande at borna var vitne til dette, seier politiet.

Trassa besøksforbod og var valdeleg
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 22. aug. 2018 09:23

Fredag blei ein mann ilagt besøksforbod mot ekskona. Mannen kjem frå ein annan kommune, og det oppsto eit handgemeng då han oppsøkte kvinna, som bur i Os.

– Trass besøksforbodet oppsøkte han kvinna igjen i går. Då skal han ha vore valdeleg, fortel politioverbetjent Audun Hadler-Olsen.

Politiet blei tipsa av naboar, som såg at mannen kom på besøk. Mannen var på staden då patruljen kom fram.

– Han blei pågripen utan dramatikk. Mannen blei køyrd i arresten og skal i avhøyr i dag.

Med ungane som vitne

Paret, som er i 30-åra, har felles born. Dei skal ha vore vitne til valden.

– Dette er straffeskjerpande, det er òg brotet på besøksforbod, seier politiet.

Brot på forbod har ei strafferamme på eitt år.

Kvinna skal ikkje ha blitt alvorleg skadd eller hatt behov for legehjelp etter episoden.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.