Politi | 23. des. 2023
Mista lappen med knapp margin
Ung mann tatt i snittmåling i 100-sone.
Kjetil Vasby Bruarøylaurdag 23. des. 2023 06:36
Politiet tok i natt beslag i førarkortet til ein mann i 20-åra.
Det blei gjort etter ei snittmåling i Lyshorntunnelen klokka 00.30.
Måling viste ein snittfart på 141 km/t i 100-sona.
Om vedkomande hadde køyrd, i snitt, med 1 km/t lågare fart, ville han ha halde på førarkortet.