Politi | 02. nov. 2022

Ung mann målt til 150 km/t på ny E39

NRK: Politi i sivil stoppa fartssyndar i 100-sona.

Ung mann målt til 150 km/t på ny E39
Politi i sivil i Lyshorntunnelen i går. Det er uvisst om dette er i samband med havari eller høg fart. (Foto: tips@midtsiden.no)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 02. nov. 2022 13:11

NRK Vestland melder i dag at ein ung bilførar er målt til 150 km/t på ny E39 Svegatjørn-Rådal - eitt døgn etter opninga måndag.

Det kvalifiserer til førarkortbeslag.

  • Bryt du fartsgrensa når grensa er 100 km/t så ryker lappen først på 141 km/t.
  • Køyrer du i 136-140 km/t ventar 11.600 kroner i forelegg og tre prikkar på førarkortet.

E39 Svegatjørn-Rådal har over 400 kamera, men ingen fotoboksar eller snittfartmåling.

Distriktssjef i Utrykningspolitiet (UP), Terje Oksnes, seier til NRK at han meiner regjeringa må opna for fotoboksar på nye motorvegar.

– Skjer det ulykker i sånn fart, kan konsekvensane bli store.

Før åpningen sa Vegvesenets prosjektleder Kelly Nesheim Iversen til BT at de ønsket seg fotobokser.

Også vegvesenet ønskjer seg fotoboksar på vegen, ifølgje BT, men førre regjering gav motsette signal.


Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.