Mighty pre-slepp på Røykenes
Ti dagar før platesleppet i Oslo speler Mighty Magnolias alle låtane på «fasadefest» på Er-An Veikro.
Fredag 18. desember i fjor kom den amerikanske skulebussen til Bergen og Os.
Midtsiden var med då amerikabussen blei henta - sjå videoreportasje.
Laurdag 30. januar var bussen, som Heggland Heiltre har innreia, ferdig integrert i restaurantbygget til Er-An Veikro på Røykenes.
Noko har likevel stått igjen etter ombygginga og først onsdag skal alt vera på plass.
– Fasaden måtte vi ta etter at bussen hadde kome på plass. I tillegg har vi ein krok mellom baren og bussen, som blant anna skal gje oss i serveringa direkte inngang i bussdøra framme. Dessutan måtte jo ny luke på plass, seier Linda Andersen.
Softis er ein bestseljar på Røykenes og luka har vore der i alle tidlegare bygg og fasadar, frå kiosken som opna der i 1958.
– Det kjem og ei overrasking. Vidar Bratlund Mæland, som er ein av fleire stamgjestar, får sin eigen krok.
Kva som kjem på «Vidars Corner» er førebels hemmeleg.
Slepp album ti dagar før tida
Under 4. julifesten på Røykenes i fjor sleppte Mighty Magnolias to singlar.
Bandet, som består av to søskenpar og ein Emil (Emil Nordtveit, Ine (vokal) og Stian Tumyr (trommer), Erik (gitar) og William Rolland (bass), signerte i fjor med Snaxville Recordings, og Maarud-brørne har brukt vinteren på mixing og mastering av debutalbumet «Somewhere North of Nowhere».
Amund Maarud: – Eg er i kneståande
– Vi har plateslepp på Buckley’s i Oslo 14. mai og på Madam Felle i Bergen 14. mai, fortel Emil Nordtveit.
Albumet kjem ut på både cd, digitalt og, før sommaren, på vinyl.
– Vi kjem til å spela alle dei ti låtane, og noko annan musikk som vi liker godt, på konserten på Er-An. Vi liker oss godt i restauranten og er glade for at vi blei invitert til å ta eit pre-slepp i heimbygda til fleire av oss i bandet.
Nøgd med sounden
Nordtveit har skrive låtane til albumet, dei fleste åleine, nokre av dei saman med Ine.
Frontfiguren skildrar stilen som country med rock i botnen.
– Ine syng ein av dei åleine, «Where did you go». Eg er veldig nøgd med produksjonen og spent på mottakinga.
– «Fasadefesten» onsdag blir faktisk første sjanse til fysisk å kjøpa plata, seier Emil.