Vêret i Os | 19. juli 2023

... men til helga blir det sol

Lys, men ikkje varme, i tunellen.

... men til helga blir det sol
Det skvettar godt frå veg til fortau på Osbrua i dag. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 19. juli 2023 11:43

Etter ein varm og solrik juni og start på juli har vi no hatt ei dryg veke med mykje nedbør.

I dag, onsdag, ligg an til å bli ein av dei våtaste og gråaste dagane, men det er meir sol i vente.

Det er meldt opphaldsvêr og nokre solgløtt etter klokka 13 torsdag, men også to byger i løpet av ettermiddagen.

Frå fredag klokka 10 er det meldt opphaldsvêr og lettskya samanhengande til laurdag formiddag, ifølgje Storm. Yr melder regn på ettermiddagen.

Laurdag er det hos Storm meldt regn nokre timar midt på dagen, men sol og opphaldsvêr ettermiddag og kveld. Yr melder regn også på ettermiddagen.

Både Yr og Storm melder lettskya fram til klokka 14 søndag. Storm melder sol og opphaldsvêr ut dagen, Yr melder regn på ettermiddagen.

Det blir ikkje sommartemperaturar, men 15 til 17 gradar og svak vind. Griper du dei finaste timane, kan du få nokre tørre økter utandørs denne helga.

Varm og tørr juni

Ifølgje Meteorologisk institutt var juni månad både uvanleg kald og uvanleg varm.

13 vêrstasjonar sette kulderekord for juni. 21 vêrstasjonar målte rekordar for høgaste månadstemperatur i juni, skriv met.no.

Juni blei den 4. varmaste som er registrert i ein måleserie som går tilbake til 1900.

For heile landet samla kom det 45 prosent mindre nedbør enn normalt, den 8. tørraste junimånaden sidan 1900.

Det var «svært tørt» på Østlandet, i Trøndelag og lengst i nord. Det var også «tørt» og «svært tørt» på store delar av Vestlandet. Våtaste fylke var Nordland fylke med 10 prosent under normalen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.