Melder 23 gradar og sol
Etter nedbørsrekord i august ventar sommarstemning i inngangen på september.
Dei siste dagane har avisene i Bergen skrive om nedbørsrekord, ein rekord vi omtaler nærmare når vi har kome inn i september, så dei endelege tala er klare.
I mellomtida kan vi gle oss over ein tørr finale på den siste sommarmånaden, og på meldingar om sommarstemning i inngangen på hausten.
Laurdag er det lettskya, 2-3 m/s vindstyrke og 14-17 gradar i Os. I morgon skal vinden løya yttarlegare og temperaturen auka til 16-20 gradar.
Det skal halda seg lettskya og rundt 20 gradar utover neste veke.
Dei fleste dagane blir tørre, men det er meldt regn tysdag kveld og onsdag morgon.
Inn mot neste helg skal det bli endå varmare, opptil 23 gradar fredag, ifølgje Yr. Yr melder sol fredag om seks dagar, Storm melder 16 gradar og regn.
Men begge melder lettskya og opphald også neste helg.
- Sjå detaljert vêrmelding for Osøyro på VG Pent (Yr og Storm side om side)