Lokal | 03. okt. 2013

Meir enn berre musikarar

Os Rockeklubb vil starta "Rockeskule". – Det handlar om meir enn berre musikarane. Vi vil gje ungdom moglegheiten til å læra seg å styra lyd, både i studio og på scene.

Meir enn berre musikarar
Leiar i Os Rockeklubb, Kjetil Osablod Grønvigh, gler seg over at dei får midlar til rockeskule (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretorsdag 03. okt. 2013 15:47

lydstudioet sto ferdig i Allakten i juni 2011 inviterte rockeklubben og ungdomsklubben til kurs i bruk av utstyret i regi av BRAK.

– Interessa var enorm den gongen, og vi får stadig spørsmål om ikkje vi skal ha fleire kurs.

– I samband med at kommunen lyste ut KUP-midlar søkte vi, og no ser det ut som vi får eit bidrag om formannskapet følgjer innstillinga.

– Då blir det fleire kurs, lovar leiar i Os Rockeklubb, Kjetil Osablod Grønvigh.

Mangfoldig tilbod

I søknaden skisserer rockeklubben tre-trinnskurs både i studiolyd og korleis sørgja for god lyd på ei scene. I tillegg skisserar dei moglegheiten for kurs i einskilde instrument.

– Det er viktig å presisera at instrumentkursa ikkje er i konkurranse med kulturskulen, heller eit supplement og ei styrkjing av det dei held på med. Ideeane i søknaden var meir ei skisse av kva ei rockeskule kan innehelde.

– Eg trur kurs i samspel kan vera vel så nyttig, forklarar Grønvigh.

Etterspørt

Grønvigh, som sjølv starta karriera som backline-teknikkar på Rock 'n LOL for sju år sidan, fortel at etterspørjinga etter folk som kan bidra med rigging av utstyr og lyd på arrangement er stadig aukande.

– No skal ikkje vi bli ein konkurrent til dei profesjonelle firmaene, men om vi kan skapa eit miljø her på Os med mange dyktige lydfolk, så hadde det vore kjekt.

– Eg ser jo berre resultatet av det arbeidet som Os og Fusa kommuner har gjort i samband med UKM.

– Etter at vi hadde fylkesmønstringa i Oseana, har Os Rockeklubb fått forespurnad om vi kan ta ansvaret for den tekniske gjennomføringa av fylkesmønstringa i Grieghallen neste år.

– Det må jo tyde på at vi gjer noko rett, smilar Grønvigh.

Må setja seg ned

Det at rockeskulen er på lista over dei som får bidrag frå kommunen gler naturlegvis leiaren.

– Samstundes kom det litt overraskande, og eg må berre innrømma at vi blei tatt litt på senga.

– No må vi setja oss ned for å planlegga kva kurs vi skal starta med og korleis vi skal gjera det.

– Eg håper jo til dømes at vi kan få til eit samarbeid med arrangører av små konsertar og liknande kor dei som går "rockeskulen" kan få praksis.

– Det kan gjerne vera arrangement som er for små til at dei profesjonelle aktørane har tid til dei.

– Utstyret har vi, og med kursa får vi òg kompetansen på plass, avsluttar Kjetil Osablod Grønvigh med eit smil.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.