Kultur | 05. feb. 2016

Måtte venta på Vinni

Henrik Sandven Øyerhavn blei ståande på pinebenken etter første Idol-audition.

Måtte venta på Vinni
Henrik Sandven Øyerhavn gjekk vidare i Idol (foto: TV2)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 05. feb. 2016 20:10

Då årets Idol-sesong starta for to veker sidan fortalte vi at Henrik Sandven Øyerhavn frå Os er blant årets deltakarar.

Henrik var på audition i Trondheim, der han går på vidaregåande skule, og song «Vemundvik» av Askil Holm. I kveld fekk vi sjå han på skjermen.

Sjå Henrik sin audiotion på TV2.no.

– Eg synest ikkje det gjekk så bra. Det blei eit parti med feil tone, og den høyrde dei godt, seier Henrik til Midtsiden.

Han hamna litt høgt og stemma sprakk. Juryen blei delt.

– Som ei lita ripe i ein fin bil

Årets jury består av Gunnar Greve Pettersen har fått med seg Øyvind «Vinni» Sauvik, Ina Wroldsen og Sandeep Singh.

Sandeep var i stuss mens Gunnar Greve likte osingen sin prestasjon.

– Det var litt skummelt å stå der. Men så sa Ina at den feile tonen blei som ei ripe i ein veldig fin bil.

– Det verste var å venta på Vinni, det kjentest som om det tok veldig lang tid før han svarte.

Men Henrik gjekk vidare og var rett før jul med på noko han synest var ei veldig gøy helg i Oslo.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.