Henrik deltar i årets Idol-sesong
Henrik Sandven Øyerhavn (17) frå Os var på audition i Trondheim.
I går var første sending av årets sesong av songtalentkonkurransen Idol. Sendinga var frå audition i Bergen og delar av audition i Trondheim, og det var i Trondheim Henrik frå Os gjekk for å visa seg for juryen.
– Eg gjekk heile barneskulen i Trondheim. Etter ungdomsskule heime i Os ville eg opp igjen her som kjærasten min kjem frå, seier Henrik, som no går studiespesialiserande ved Tiller vidaregående skule.
Henrik var ikkje på skjermen i morgon, men onsdag ettermiddag er neste sending og neste sjanse.
To gongar i UKM
Henrik fortel at han alltid har likt å synga, men at det var først då han gjekk i 7. klasse at han våga å synga for eit publikum. Etter å ha blitt plukka ut til å synga solo i musikkundervisinga på ungdomsskulen fekk han gode tilbakemeldingar.
Så deltok han i UKM (ungdommens kulturmønstring) to år på rad, i Oseana, der han med bandet tok seg vidare til fylkesmønstringa det eine året.
Sjå video av Henrik frå UKM 2014 (04:50 ut i videoen) og 2015 (første band ut).
Syng på trøndersk
– Eg har hatt lyst å melda meg å Idol lenge, nesten heilt sidan eg sat i pysjen og såg på Kurt i første Idol-sesong.
Henrik var 4 år gamal då Kurt Nilsen vann både Idol og World Idol. På første audition syng han ein låt av Kurt sin gitarkamerat, Askil Holm frå Namsos.
– Eg liker låta «Vemundvik» godt, og sidan eg kan snakka trøndersk så valte eg å synga denne på første audition, avslører Øyerhavn.
Han kan ikkje avsløra korleis det gjekk.
– Er du med i band eller liknande i Trondheim?
– Eg driv mest for meg sjølv, men eg er faktisk med i eit mannskor. Dei andre medlemmane er ein del eldre enn meg, men eg føler meg veldig velkomen og det er ein flink og hyggeleg gjeng, seier Henrik, som vi kanskje får sjå på TV2 onsdag ettermiddag.
Tre nye i juryen
Store delar av årets jury er ny.
Veteran Gunnar Greve Pettersen har fått med seg Øyvind «Vinni» Sauvik, Ina Wroldsen og Sandeep Singh.
Programleiar er Markus Bailey.