Masseslagsmål ved Bar2Be
Natt til søndag fekk politiet melding om ekstremt full mann i Hegglandsdalen og slagsmål mellom 6-7 personar utanfor Bar2Be.
Natt til laurdag kjørte politipatruljen heim eit par fulle menn som gjekk langs vegen, natt til søndag blei det litt meir å gjera på for politiet i Os.
Klokka 02.30 kom melding om ein svært full og vill mann på ein privatfest i Hegglandsdalen.
– Han var vaken og veldig aktiv, men veldig full, så han blei kjørt via legevakt til overnatting i arresten i Bergen, fortel politibetjent Rune Fimreite.
Vaktar i slåstkamp
Ein time seinare, etter stengetid på Bar2Be, braut det ut slåstkamp mellom folk som ville inn og nokre av vaktane.
– Det skal ha hagla med både slag og spark. 6-7 personar var involvert.
Vaktane var på staden då patruljen kom fram, men ikkje dei andre involverte.
– Men vi har namn på dei. Bar2Be vil melda episoden så saka blir følgt opp.
2 x mistanke om promille
Laurdag i 13-tida fekk politiet melding om mistanke om promillekjøring.
Men patruljen var opptatt og fekk ikkje sjekka ut to personar i ein Vectra på veg frå Lysefjorden over Langedalen på veg til Søfteland.
Søndag i 21-tida kom melding om eit anna tilfelle av mistanke om promillekjøring.
– Bilen blei stoppa og føraren viste seg å vera edru, seier Fimreite.
Full mann banka på døra
I 2-tida natt til søndag blei politiet kontakta etter at ein mann hadde banka på døra på Ravneberghaugen.
– Han var veldig full, men skulle visst berre på besøk i eit hus i nabolaget.
Politiet fekk tilsvarande melding frå same område tidlegare i veka.
– Men då var det ein som gjekk og kjente på dørhandtak om natta. Vi har ikkje mistanke om at desse to episodane heng saman.