Lokal | 16. feb. 2013

Nattleg dusj på Os skule?

Politiet tok fredag hand om fulle menn på vandring og open gymsal på nattestid.

Nattleg dusj på Os skule?
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylaurdag 16. feb. 2013 09:06

Fredag i 16.30-tida fekk politiet melding om ein rusa mann som gjekk i Holtbrekka, i 2-tida natt til laurdag kjørte dei heim ein full mann som gjekk langs Hatvikvegen.

– Fredag ettermiddag i 17.30-tida blei vi varsla om laus hest med sal i Hegglandsdalen. Ryttaren var vekke, men fekk etterkvart kontroll på hesten, fortel politibetjent Benedicte Svanes.

I 20-tida blei det varsla om mogleg brann i Hagavik, men det var matlaging som hadde utløyst detektoren.

Litt før klokka 01 natt til laurdag meldte ein vektar frå om opne dører i gymnastikksalen ved Os skule.

– Politiet sjekka bygningen saman med vektar. Dei fann ikkje folk i gymsalen, men ein kran sto på i dusjen i ein av garderobane.

Kranen blei stengt og dørene låst.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.