Næringsliv | 24. mai 2013

Mange vil bli Kiwi-sjef

Kiwi nr 3 resier seg: – Butikken blir ekstra stor og søkarane på butikksjef-stillinga er unormalt mange, seier regionsjef Joakim Pedersen.

Mange vil bli Kiwi-sjef
Den nye Kiwi-butikken reiser seg på Gudriflaten. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 24. mai 2013 10:53

I januar starta rivinga av det førre Steinsenteret på Os, no er bygginga av Kiwi-butikk, den tredje i Os, godt i gang.

– Dette blir ein stor Kiwi-butikk, den største i Os, men stor også i samanlikning med andre utanfor kommunegrensene, seier regionsjef Joakim Pedersen.

Stor på frukt og middag

Samla grunnflate blir på cirka 1200 kvadratmeter, i tillegg kjem rundt 100 kvadratmeter i andre etasje.

– Her får Kiwi vist seg ekstra godt fram, ikkje minst med frukt og grønt, men også avdelinga for middagar blir stor.

Butikken får rundt 70 parkeringsplassar, som er rundt det doble av kva det for eksempel er utanfor Kiwi Moberg.

Stor søkarmengde

Dei siste vekene har det blitt søkt etter butikksjef til den nye Kiwi-butikken, og responsen har ifølgje Pedersen vore veldig god.

– Vi har fått unormalt mange søknadar inn, og etter at fristen går ut 2. juni reknar vi med at det ikkje vil gå mange vekene før vi har sjef på plass.

Butikksjefen skal få vera med på å setja saman sitt team, og vil rett over sommaren få vera med på å velja ut assisterande butikksjef, avdelingsleiarar og, noko seinare, også resten av dei tilsette.

Konkurrerer lite med kvarandre

Torsdag 9. desember 2010 blei talet på Kiwi-butikkar i Os dobla, frå 1 til 2, då Kiwi Moberg opna.

– Etableringa har vore ein suksess. Kiwi Haugsneset hadde ein veldig liten tilbakegang i starten, men var raskt oppe igjen og har større omsetnad no enn den hadde då den var einaste Kiwi i Os.

– Vi trur alle dei tre Kiwi-butikkane vil vera styrka av at kjeden er godt representert i Os. Os er ein god stad for handel og eit viktig område for oss, seier Joakim Pedersen.

Den nyaste Kiwi-butikken skal stå ferdig rundt midten av november i år.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.