Næringsliv | 09. des. 2010

Den første Kiwi-kunden

- Dette tel som ein nærbutikk også for oss frå Søre Neset, sa den første kunden i den nye Kiwi-butikken på Moberg, Frode Markhus.

Den første Kiwi-kunden
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 09. des. 2010 11:50

Bildeserie:

bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
1 av 5

- Vi har følgt skjema heile vegen og hadde full kontroll fram mot opninga, seier regionssjef i Kiwi, Joakim Pedersen.

I dag klokka 10 var det opning på Moberg og mange kom med fine tilbakemeldingar på den store, nye nærbutikken.

- Dette er bra med folk til å vera opning på formiddagen, og vi får mykje skryt både for at butikken har kome og for korleis den ser ut, seier butikksjef Trine Bjørkhaug Dyke.

- Det er veldig positivt at vi får nærbutikk her på Moberg. Så sant dei klarer å ha konkurransedyktige prisar kjem vi til å bruka denne fast, seier tidlegare brannsjef i Os, no pensjonist, Klaus Helland.

Fjern nærbutikk?
Helland var blant dei første kundane inn døra i dag. Den første som gjekk gjennom kassen var Frode Markhus.

- Eg skulle berre innom og sjekka butikken, men det blei litt handling òg. Sjølv om det er langt å gå frå Halhjem til Moberg tel dette litt som ein nærbutikk for oss og.

- Vi har venta lenge på at det skal opna butikk på Søre Neset igjen, dette blir vår nærmaste medan vi ventar vidare.

Liten ute - stor inne
Den nye Kiwi-butikken er på 1050 kvadratmeter. Til samanlikning er Kiwi-butikken på Haugsneset berre 350 kvm.

- Vi har prøvd å tilpassa oss terrenget, så butikken ser litt liten ut frå utsida. Men innvendig synes eg den er stor, den har i alle fall ideell storleik til å vera Kiwi, her får vi plass til å vida heile Kiwi-konseptet, seier Pedersen.

Han meiner Kiwi er ein butikk som passar godt på Moberg.

- Det er mange småbarnsfamiliar i nærområdet, og då er vel lågpris, bra utval, stor fukt- og grøntavdeling og gode bleieavtaler midt i blinken.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.