"Mange klemmer på de som stemmer"
Eirik Søfteland er klar for kveldens semifinale i Idol og ventar venar både i salen og på eiga Idol-vake i Os. Her er låta han skal synga.
Det er travle og spennande tider for osingen Eirik Søfteland (24). Måndag og tysdag gjekk med til øving og intervju, i dag er det generalprøve og i kveld kjempar Eirik om to av dei ti plassane i finalerundane i Idol.
– Vi fekk ein fin middag saman i går kveld etter ei knallgøy gjennomkjøring med bandet, seier Eirik.
Les òg: Skjebneveke for Idol-Eirik
Sjølv skal han synga Beatles-låta "Come Toghether", også framført av Eiriks store barndomsidol Michael Jackson.
– Den einaste med eldre låt
– Eg har alltid vore ein stor Michael Jackson-fan, og då eg var liten og var i familiebesøk sette eg på musikk og heldt danseoppvising, fortel entertaineren.
– Det er sikkert smart å velja ferske, populære låtar som publikum kjenner igjen, og eg er nok den einaste med ei eldre låt.
Sjå Michael Jackson synga låta på YouTube.
– Men Come Together er ei låt som opnar for litt ekstra show og både The Beatles og Michael Jackson har mange unge fans, så eg håper både framføringa mi og sjølve låtvalet er godt nok til finalebillett, seier Eirik.
Samling i Oslo og på Kuventræ
Eirik har fått 15 billettar å dela ut til venar og når sendinga startar klokka 20 i kveld er det ein god gjeng frå Os som er benka i salen.
– Pappa (Tord Søfteland) kjem, det same gjer fleire venar og venninner. Det er veldig kjekt at dei vil over fjellet for å følgja meg i kveld, synes Eirik.
Andre venar har lånt klubbhuset på Kuventræ, der det er ope hus og fri entré, for dei som vil sitja saman og sjå Eirik kjempa seg til finale.
Venar stiller i Oslo med sponsa plakat frå Maxprint og pappa Tord skriv dette på facebook:
"Det blir mange klemmer på den som stemmer. Eirik blir en klemme-kremmer og du får stemme-blemmer ..."