Målrik junior-derby
– Vi får dessverre for lite matching, men gutane held heldigvis trykket oppe, seier Vidar Bahus etter Os sin suverene siger over Lysekloster.
Juniorlaget til Lysekloster møtte eit av Os sine to juniorlag til derby i Lyseparken tysdag kveld.
Lysekloster - Os 2: 2-10 (0-6)
– Det er litt vanskeleg å motivera gutane til kvar kamp, når differansen blir så stor. Men om ikkje dei får god nok matching er det fint å sjå at dei skårar mykje og at fleire av spelarane har ei god utvikling, seier trenar Vidar Bahus.
Fem spelarar skåra to mål kvar for Os i går; Sander Kvittingen, Isak Røen, Steffen Ludvigsen, Emil Halvér og Adrian Valle.
53-9 på 6 kampar
Os sine gode gutelag måtte som kjent byrja i 3. og nedste divisjon då dei i år gjekk opp til juniornivå, sidan klubben ikkje hadde nok spelarar til å halda liv i elitelaget i G19 i fjor.
Serien opna med 20-0- og 12-0-siger til dei to juniorlaga. Os 1 følgte opp med 10-0 i neste kamp, men tapte så 1-5 for Vadmyra.
No står Os 1 med 3 sigrar, 2 tap og 44-9 i målsforskjell.
Os 2 ser ut til å ha vore prioritert etter seriestart, dei står no med 5 sigrar, 1 tap og 53-9 i målforskjell.
– Vi treng jamnare kampar for å bli betre, så eg håper vi rykker opp med eitt av laga til sommaren, seier Bahus.