Juniorlaga opna med 32-0!
Os sine to juniorlag starta denne veka serien, og vann 20-0 og 12-0. – Det blir nok dessverre fleire slike kampar, seier trenarane.
Tysdag var det seriestart for Os 1 i G19, laget som tok gull søndag.
Les òg: Juniorlaget vann Varegg Cup (oppdatert med video)
– Eg bestilte 10 mål i kvar omgang, og fekk omtrent som bestilt, 11-0 til pause og 9 nye mål i 2. omgang, seier hovudtrenar Bjørn Mjelva.
Årsaka til den saftige bestillinga er at Os ikkje hadde juniorlag i fjor, og derfor må stilla i 3. divisjon med det som var blant dei beste gutelaga i Noreg i fjor.
– Det er synd at det er sånn, det har eg også sagt til kretsen. 20-0 er ikkje kjekt for nokon, og det vil nok bli fleire kampar med tosifra resultat i løpet av sesongen, seier Mjelva etter den svært solide sigeren over Kjøkkelvik.
Også tosifra for andrelaget
Os stiller med to juniorlag i år, også Os 2 speler naturlegvis i lågaste klasse, 3. divisjon.
– Eg var spent på nivået på junior, men vi klarte oss veldig fint i går, seier trenar Gunnar Aadnevik.
Os 2 slo Sotra 2 hele 12-0 etter å ha leia 6-0 til pause.