Målkalas i Gothia cup
Juniorlaget til Os Turn held fram med det gode spelet. Heile 12 - 0 banka dei indiske Youth Club Soccer Academy tysdag morgon.
Juniorane er det einaste laget til Os Turn som stiller i Gothia Cup i Göteborg denne veka. Turneringa starta dei sterkt med å slå makedonske Cementarnica 5-0. Etter opningsermoni og slarafenliv i det utandørs symjebassenget i 13. etasje på Petter Stordalen sitt nye luksushotell Clarion Hotel Post midt i sentrum var gutane tysdag morgon klare for kamp mot Indiske Youth Club Soccer Academy.
– Vi lever som kongar på eit heilt fantastisk hotell.
– Det var det einaste som vi fekk rom på då vi var litt seine med å bestemma oss for å vera med i cupen, fortel lagleiar Tore Kleppe, som sjølv bur på nabohotellet sidan han glømde å telja med seg sjølv då han skulle booka romma.
12-0 og tabell-leiing
Den første kampen tysdag blei ein relativt grei affære for os-juniorane. Heile 12-0 slo dei dei indiske motstandarane etter mål frå Thomas Kopperud (2), Isak Røen (2), Philip Moe Haugland, Matias Hodneland Sundfjord, Joakim Lyssand, Erik Kleppe, Aksel Skaar, Ola Drange Veglo, Sander Kvittingen og Emil Halver.
– Det blei ei treningsøkt. Vi skal ikkje leggja meir i kampen enn det.
– Inderane hadde nok rota med reisa si, for dei kom ikkje hit før i går kveld.
– Kampen dei skulle ha spelt i går tapte dei difor på walk-over. I tillegg har dei visst sjukdom i troppen, så dei stilte berre 10 mann i dag, fortel lagleiaren.
Med sigeren tok Os igjen tabelltoppen etter at alle laga har fått registrert to kampar kvar.
Ventar jamnare kamp
Dei fire andre laga i pulja vurderar han som ganske jamne.
– Vi såg på Gais (svensk) og dei vi skal møta i ettermiddag i går. Dei spelte uavgjort.
– Turneringa har så langt vore ei kjempepositiv oppleving og vi kosar oss.
– Arrangørane har heilt bevisst sørga for at vi ikkje møter andre norske lag i dei innleiande kampane, noko som gjer det ekstra kjekt, fortel Kleppe.
I ettermiddag møter osgutane tabelltoar San Pedro Tegus frå Honduras klokka 15.30.
Kampen kan du følgja live her.
Uavgjort for KIL/STIL
Sjølv om juniorane er det einaste laget til Os Turn som deltek i turneringa er dei ikkje det einaste laget frå bygda. KIL/STIL j14 har òg tatt turen til Göteborg.
Måndag spelte dei uavgjort 0-0 mot svenske Bergdalens IK.
KIL/STIL-jentene har haman i ei pulje med berre svenske lag. Tysdag møter dei Västerviks FF klokka 13:40, før Bälinge IF er motstandarar onsdag.
Også dei kampane kan du følgja direkte via linken ovanfor.