Kanonstart i Gothia Cup
Juniorane til Os fekk draumestarten i Gothia Cup då dei slo makedonske Cementarnica 55 4-0 måndag på ei golfbaneklypt fotballbane.
Som einaste lag frå Os Turn er juniorane med i Gothia Cup i Gøteborg denne veka. Juniorane speler innleiande gruppe med makedonske Cementarnica 55, indiske Youth Club Soccer Academy, argentinske San Pedro Tegus og svenske GAIS.
– Vi fekk ein fantastisk start på turneringa i dag då vi slo Cementarnia 4-0, strålar lagleiar Tore Kleppe.
– Som ei golfbane
Kampen gjekk på Hjällbovallen 1, ei bane Kleppe beskriv som ei golbaneklypt fotballbane.
– Eg har aldri opplevd ei så bra bane, du kan seie eg blei positivt overraska.
– Kontaktpersonen vår her borte fortalde at vi er ei prioritert gruppe, så vi kjem til å få fleire kampar med slike gode tilhøve.
Tok dei på taktikken
Os tok føringa etter omlag 24 minutt då Isak Røen satte inn 1-0, like etter dobla Sander Kvittingen leiinga før Emil Halver satte inn 3-0 før pause. 4-0 kom i andreomgangen med Philip Moe Haugland.
– Makedoniarane var ikkje eit dårleg lag, dei var nok litt over snittet i høve til det vi pleiar å møte, men dei var noko ustrukturerte bakover på banen.
– Vi tok dei på taktikken, oppsummerar Kleppe.
Live frå dommarane
I kveld ventar opningssermoni på Nya Ullevi med omlag 52 000 deltakarar, før Youth Club Soccer Academy (kl 09.00) og San Pedro Tegua (kl 15.30) er motstandarar tysdag.
Dommarane i Gothia Cup er ikkje berre kampleiarar i turneringa. Ved hjelp av små mobiltelefonar rapporterar dei også live frå kampane når mål blir skåra eller kort blir delt ut.